Å satse på lærarane er å satse på eleven

Å sikre mange nok gode lærarar og at læraren får tid til sine kjerneoppgåver er heilt avgjerande for at vi skal kunne gje kvar enkelt elev ei tilpassa og god opplæring. Dagens elevar er morgondagens vaksne, og etter Venstre si meining er det å satse sterkare på gode læringsmiljø og kvalitet i skulen ei investering for framtida.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Mindre byråkrati i skulen
Både lokalt og på riksplan vil Venstre arbeide for at læraren skal få meir tid til undervisning, føre-og etterarbeid og vurdering. Lærarane må sleppe å bruke så mykje tid på skjema og rapportar som i dag, slik at dei kan bruke meir tid til direkte elevkontakt og følgje opp samarbeid mellom skule og heim. Rektorar og lærarar som skal implementere politiske vedtak om skulen "druknar" i nye rundskriv, forskrifter og lovendringar. Dei raudgrøne kunnskaps-ministrane har faktisk pålagt skulane 148 nye rundskriv, forskrifter og lovendringar sidan dei kom til makta i 2005. 148 ulike statlege "pålegg" er etter Venstre si meining eit altfor høgt tal!
Venstre vil derimot innføre eit konkret måltal (25%) for reduksjon i skulebyråkratiet. Det er viktig at lærarane får vere lærarar, og at elevars behov for andre typar hjelp og rettleiing blir ivareteke på ein god og profesjonell måte av andre yrkesgrupper som må inn i skulen.

Kompetansehevande vidareutdanning
For Venstre er dette ei av hovudsakene i valkampen. Venstre i Gloppen ber om tillit frå veljarane til å få sett vidareutdanning sterkare på den politiske dagsorden. På nasjonalt nivå vil Venstre halde fram presset for at staten skal ta eit større ansvar for finansieringa av vidareutdanninga av lærarar. I dag er kostnadsfordelinga slik at stat og kommune dekkjer tilsaman 80% (40+40), medan læraren sjølv dekkjer 20%.
På nasjonalt plan har om lag 4000 lærarar søkt om vidareutdanning i 2011, medan berre 1500 får tilbod om dette trass i at regjeringa har som mål at 2500 skal få tilbod. Årsaka er at mange kommunar ikkje har råd til å sende lærarar på kurs. Timetalsutvidingane i grunnskulen sidan 2006 har ein samla årskostnad på 993 mill. kr. og den eksisterande frukt-og grøntordninga kostar 241 mill.kr. pr. år. I forhold til behovet for vidareutdanning for lærarar meiner Venstre at slik prioritering er feil. Ein kunne fått mykje vidareutdanning for desse pengane!

Det er eit stort paradoks at regjeringa i sine budsjettdokument frå i vår sjølv vedgår at norske lærarar ligg under gjennomsnittet for OECD-landa når det gjeld etter-og vidareutdanning, men likevel ikkje løyver ei ny krone for å rette på dette!

Ragnar Eimhjellen
1.kand. for Gloppen Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**