Byrkjelo Kraft AS og Tine Meieri, Byrkjelo

I Firda Tidend er det i to tidlegare utgåver blitt sett søkjelys på konsekvensane for Byrkjelo Kraft AS med dagens regelverk for grunnrenteskatt på kraftproduksjon frå mindre kraftverk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Resultatet av dette regelverket er etter Venstre si meining ikkje berre nok eit døme på dårleg distriktspolitikk frå denne regjeringa. Det er også dårleg energipolitikk og miljøpolitikk fordi vi har ein energimarknad i dag som "hungrar" etter rein energi. I dette perspektivet er det ikkje mindre enn skandaløst at Byrkjelo Kraft no kan bli nøydde til å stenge ned produksjonskapasiteten sin.
På same tid skal Tine Meieri på Byrkjelo byte ut olje med trepellets tilsvarande ei energimengd på 22 GWh årleg. I utgangspunktet er det ein miljøgevinst å byte ut ein ikkje-fornybar energiberar med ein fornybar. Men når denne trepelletsen skal hentast med vogntog frå Hallingdal til Byrkjelo, blir resultatet auka belastning både på vegane og miljøet. Vi kan berre tenkje oss kor mange vogntog som då må gå kontinuerleg på vegane for å frakte denne energimengda!
Om Byrkjelo Kraft vel å redusere sin innstallerte effekt til under grensa for grunnrentebeskatning, vil ca.30 GWh "renne" rett forbi Tine sitt anlegg på Byrkjelo! Det ville difor vorte ein "vinn-vinn"- situasjon både for Byrkjelo Kraft, Tine Meieri og ikkje minst for miljøet om Tine Meieri hadde inngått ein langsiktig avtale om kjøp, eventuelt leige av denne delen av produksjons- kapasiteten ved Byrkjelo Kraft. Då hadde Tine si avdeling på Byrkjelo kunne erstatta langreist trepellets frå Hallingdal med kortreist, rein kraft! Vi må sjølvsagt ta atterhald her om at Byrkjelo Kraft i kalde periodar om vinteren ikkje vil kunne produsere nok kraft til å dekke Tine sitt behov.

Som vertskommune for Tine si avdeling på Byrkjelo og medeigar i Byrkjelo Kraft burde Gloppen kommune vere i posisjon til å få ein slik avtale i stand!

Ragnar Eimhjellen
1.kand. Gloppen Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**