– Høgre må ikkje snakke ned miljøinnsatsen i Arendal

– Høgre må ikkje snakke ned den gode miljøpolitikken i Arendal, sa Venstres Jan Kløvstad i bystyret i kveld.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstre vil fortsette med miljøambassadør i nye tre år, og støttar fleirtalsforslaget frå komiteen for kultur, miljø og næring.

– Eg reagerer når Kristoffer Lyngvi vil ha med i protokollen at Arendal skal gjennomføre total analyse av heile Aremndals miljøbelastning, og særleg når Lyngvi vil “etablere en klima- og energiplan”. Har ikkje Høgre oppfatta at vi har hatt forpliktande klima- og energiplanar heilt frå 2007, at vi har fått rekneskap for dette kvart einaste år? Kvifor skal vi snakke ned eit godt arbeid og gi inntrykk av at vi skal sette igang som noe heilt nytt det vi har arbeidd seriøst med i fleire år?

Jan Kløvstad viste også til heilt konkrete tiltak for å redusere ustlipp, som etterisolering av bygg, fjernvarme på Myra, halvt gebyr på passivhus etter forslag frå Venstre, innkjøp av stadig meir miljøvennlege bilar, etablering av ladestasjonar for el-bilar og i 2012 også hurtigladar, miljøfyrtårnsertifisering av ei imponerande lang rekke av kommunale og private verksemder, energiriktig ombygging av Saulekilen med mykje meir.

 Miljøambassadør Svein Tveitdal

Miljøambassadør Svein Tveitdal
Foto: Jan Kløvstad

– Svein Tveitdal har gjort eit imponerande arbeid som miljøambassadør, på høgt fagleg internasjonalt nivå. Når Anders Kylland i FrP seier Tveitdal ikkje har vore synleg og at få “på byen” veit namnet på miljhøambassadøren, er det eit merkeleg argument. For det første har Tveitdal vore svært synleg, ford et andre har han gjort både ordførar og andre svært synlege. Og det er jo det som, er jobben, – han har gjort andre gode, han har ikkje løpt rundt og vist fram seg sjølv. Forresten: det er ikkje mange “på byen” som veit namnet på økonomisjefen vår heller, men vi er alle saman samde om at ho gjer ein heilt fantastisk jobb.

Bystyret vedtok å vidareføre miljøambassadørordninga for nye tre år og lyse den ut på anbod. Høgres forslag om å skrive i protokollen at kommunen skal begynne det arbeidet kommunen har drive med i fleire år, blei vedtatt med 20 mot 19 stemmer….

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**