Å satse på læraren — er å satse på eleven

Ein ting kan vi alle vere samde om. Skulen treng gode lærarar for å kunne gi borna ein trygg og god skulekvardag. Det som dei politiske partia ikkje er samde om er korleis ein får gode lærarar. Enkelte parti har klare mål, men ikkje verkemiddel korleis desse måla skal nåast. Venstre har desse, og det er det som tel for at elevane skal oppleve ein betre skulekvardag og få betre undervisning.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstre er klare på at læraren er nøkkelen til ein betre skule. Ikkje fleire testar, fleire skjema og meir byråkrati, men gi lærarane etter- og vidareutdanning slik at dei er betre skikka til å gjere eit betre arbeid. Gi lærarane, rektorane og skulane større handlingsrom og fridom til å tilpasse undervisninga til den enkelte elev. Då meinar vi ikkje berre dei svake elevane, men også dei flinke som treng noko meir.

Testing og måling i skulen har ikkje noko føre seg dersom ein ikkje har verkemidla som kan vere med å betre resultata. Venstre meinar viktige verkemiddel vil vere mellom anna å gi lærarane betre tid til den enkelte eleven, meir tid til undervisning og mindre papirarbeid. Vi må ha tru på at den enkelte lærar, rektor og skule veit best korleis elevane kan lære best. Læraren må difor få større fridom til å tilpasse undervisninga. Dette, saman med å opne for meir praktisk undervisning, vil hjelpe dei fleste elevane. Vi må hugse på at læring er meir enn bokleg læring. Vi treng læring som er tilpassa yrkeslivet og dette vil heilt sikkert motivere skuletrøtte elevar. Dette treng vi då fråfallet frå skulen er eit veksande problem.

I vår gjorde Venstre ei lita spørjerunde med nokre av lærarane på skulane i Ørsta. Tilbakemeldinga frå desse er i samsvar med Venstre sitt syn på kva som kan og må gjerast annleis i skulen i dag.

Dette er spørsmålet lærarane fikk, og eit lite utdrag av dei svara som vart gitt;

Kva meinar du er dei største problema ved skulen din og skulen generelt?
• "Mange lærarar føler at dei må arbeide med oppgåver/bruke tid på ting som i liten grad kjem elevane til gode. Elevane er grunnen til at lærarane er der, og då må dei få jobbe meir inn mot elevane".
• "For lite ressursar til å oppfylle krav om tilpassa opplæring og til å hjelpe elevar som strevar. Vi har for liten vaksentettleik pr. elev"
• "Økonomi — for lite ressursar"
• "Utagerande elevar — korleis handtere dette slik det blir bra for alle partar"
• "For lang behandlingstid i PPT og BUP — elevar treng hjelp raskt"

Dersom du skal velje eit tiltak som det viktigaste, kva skal det vere?
• "Fleire lærarar pr elev"
• "Meir tiltak for dei som slit med å ha full veke med teorifag. Meir fokus på praktisk dugleik".
• "Kompetanseheving av lærarane. Rett og plikt til etterutdanning — sertifisering av nye lærarar"
• "At folkevalde er klar over ansvaret sitt Sjå til at skulane i Ørsta Kommune får midlar til forsvarleg drift".
• "Vi brukar for mykje tid til dokumentasjon (papirarbeid) slik det er i dag".

Dersom ein samanliknar svara frå lærarane med viktige saker for Venstre, ser ein mykje samanfallande. Venstre ynskjer å styrke opplæringa på alle plan og det er ei kjennsgjerning at det er Ørsta kommune som er skuleeigar og har høve til å kome i møte desse ynskja frå lærarane. Eit sterkt Venstre i kommunestyret vil gjere det ein kan for å setje desse sakene på sakskartet.

Fordi læraren er ein av dei vaksenpersonar born og unge får mest med å gjere gjennom oppveksten, er det viktig at lærarane er gode leiarar. Difor er det viktig at skuleeigaren (kommunen) er viljug til å stimulere, nytte og vidareutvikle den enkelte lærar si kompetanse. Læraren skal også gjennom yrket sitt stå fram som gode og tydelege leiarar og som førebilde for born og unge. I dette ligg det at læraren må kunne: – planlegge og organisere undervisning og læring. — Motivere, anerkjenne og støtte elevane. — Løyse problem knytt til undervisning og læring. — Løyse konfliktar osb.

Det finst ikkje enkle løysingar på dei utfordringane skulen stend overfor i kvardagen (som til dømes dugnad*), men med auka kompetanse gjennom vidareutdanning, kan skulen og læraren stå betre rusta til å møte desse utfordringane.

Venstre ynskje å legge til rette for betre etter- og vidareutdanning for lærarane og dei som arbeider med born og unge i skulen.

Gunnar Knutsen
Ørsta Venstre

*Dugnad = "dovning, frivillig felles innsats, uten betaling, for å hjelpe en nabo eller andre med et arbeid som man vanskelig kan greie alene. Gammel norsk skikk. Deltagerne trakteres gjerne med mat og drikke. Også ofte om felles arbeidsinnsats innen et boligområde, en forening el.l."

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**