Varm velferd

Venstre er opptatt av å gje eit godt velferdstilbod til alle som treng det i Rauma

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Samhandlingsreforma skal være innført frå 01.01.12. Kommunen treng gode institusjonar og fleire fagfolk for å følge opp når dei skal ta over oppgåver frå sjukehusa. Kommunen skal ta større ansvar for rehabilitering og førebygging. Det skal være fokus på førebygging, aktivitet og tiltak som gir livsglede. Rauma Venstre meiner det er bra at fleire helse og omsorgstenester blir flytta nærare innbyggarane, men for at kvaliteten på tenestene skal bli gode nok må vi ha ein sterk kommune med nok ressursar og god organisering/leiing til å ta vare på alle som treng tenester.

For oss i Venstre handlar velferd både om den som treng velferd og omsorg, og den som gir velferd og omsorg, derfor må blant anna grunnbemanninga i skift- og turnusarbeid aukast.

Venstre vil vidare ha ulike løysningar i eldreomsorga som er tilpassa helse, ønske og behov frå brukar/pasient. Kommunen skal kunne sørge for at den enkelte skal kunne bu heime så lenge han eller ho ønskjer det, med eit godt heimetenestetilbod. Samtidig må kommunen sikre velfungerande omsorgsbustader og sjukeheimar. Vi må sette folk først, ikkje systema. Målet må være kvalitet og verdigheit. Då må dei eldre få ein sjanse til å oppretthalde mest mulig av ein vanlig kvardag.

Rauma Venstre vil sikre aktivitets og butilbod til de som av ulike grunner slit med rus, psykiske lidingar og andre vanskar. Rusavhengige må på lik linje med andre pasientar/brukarar få adekvat tilgang til helsehjelp og behandling.

Økonomiske vanskar rammar enkeltmenneske — ofte uventa og tilfeldig, og av samansette årsaker. Ein del menneske er varig ute av stand til å skaffe seg ei inntekt å leve av. Dei skal då få eit støtte på eit nivå som gjær det mogleg å leve eit verdig liv.

Støtteordningar som er avgjærande for barns livsvilkår, skal være rause. Barn vel ikkje sin eigen barndom. Det er viktig å kunne tilby hjelp til føresette som skal gi ungane ein god start i livet.

Vidare vil Rauma Venstre at personar med nedsett funksjons- og arbeidsevne skal ha mulegheit til arbeid som er tilpassa. Arbeidsretta habilitering og rehabilitering må vektleggast på brukarens premissar i samarbeid med NAV, for eksempel Troll-Tinn og vaksenopplæringa i kommunen.

Alle som har behov for velferd – og omsorgstenester treng trygge fagfolk som har kompetanse til å sjå og hjelpe kvar enkelt samt kunne organisere tenester på ansvarleg måte utifrå kommunens faglege og økonomiske ressursar. Samtidig må vi ikkje gløyme det personlege ansvar for oss sjølve og medmenneska våre. Det ansvaret kan aldri den kommunale og/eller statlege velferda erstatte fullt ut.

Janne Søvik Hovde
2.kandidat, Rauma Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**