Venstre for park og konstruktive løysingar

Venstre ber om at Arendal kommune straks tar kontakt med grunneigarane på begge sider av Skydebaneveien vest for Barbubukt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Jan Kløvstad

Foto: Venstre

Vi kan bygge mange leiligheiter der. Eit grønnare bystyre etter valet kan arbeide med å få fleire folk i gangavstand frå Arendal sentrum og samtidig sikre langt større park i Barbu. Ein slik plan i tråd med Venstres innlegg i bystyremøta i mars og juni og arkitekt Einar Myrakers skisser. Det kan også gjere at vi ikkje treng bygge alt som er vedtatt i Barbu. Vi vil bygge langs Skydebaneveien i respekt for lokalmiljøet, gjere byen enda meir miljøvennleg og gi rom for park i større delar av Barbu. Jo sterkare vi står i bystyret, jo meir gjennomslag for positive saker kan vi få.

Jan Kløvstad, gruppeleiar for Venstre i Arendal bystyre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**