Landbruk er næringspolitikk

I det følgjande kan du lese vår 1.kandidat sitt innlegg under landbrukspolitisk debatt på Sandane 5.september.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Norsk landbruk har ei viktig rolle i arbeidet for eit meir bærekraftig samfunn, og i global samanheng produserer norsk landbruk mat på ein lite miljøbelastande måte. Det tar vare på kulturlandskapet og produserer fornybare materialar og energi. Landbruksproduksjonen i Norge blir i dag truga av at dei mest produktive areala i aukande grad blir brukte til andre føremål, bl.a til veg-utbygging og bustadbygging. For Venstre er det eit mål å sikre areal for ein tilstrekkeleg landbruksproduksjon for framtida. Jordvern er stikkordet her!

Vi meiner gründarmetalitet og nyskaping må få ein større plass innan landbruket. Bonden er og skal vere ein sjølvstendig næringsdrivande med eit spesielt forvaltaransvar, og gjennom å stimulere til kreative og nyskapande løysingar vil dynamikken i landbruket få større spelerom. På denne måten skaper vi også rom for vekst i distrikts-Norge. Dessverre ser vi lite til tiltak for nyskaping i landbruket frå dagens regjering, snarare kan dagens politikk opplevast som målretta avfolking av distrikta.

Det må bli meir mangfald i landbruket. Vi meiner kommunane må få større fridom til å sjå landbrukspolitikken i samanheng med annan næringspolitikk. Venstre ønskjer derfor ein full gjennomgang av regelverket med sikte på ei kraftig modernisering — færre skjema, enklare retningslinjer.
Det bør først og fremst vere lyst (bulyst!) og engasjement til å drive gardsbruk som er drivande for om ein ønskjer å overta ein landbruks-eigedom – ikkje buplikt og arv! Venstre ønskjer å begrense den statlege buplikta og pris- reguleringa for landbrukseigedomar. I staden vil vi at kommunane skal ha stor grad av fleksibilitet i å fastsetje eigne grenser for buplikt, innanfor eit nasjonalt regelverk.

Venstre vil oppretthalde dei samla overføringane til landbruket om lag på same nivå som i dag, men endre innretninga mot meir miljøtilpassa og produksjons-nøytrale tilskotsordningar. Vi ønskjer også å vidareføre jordbruks- forhandlingane, men då som ein reindyrka inntekts-avtale mellom bøndene og staten. Alle andre tilskot og ordningar som ikkje gir direkte inntektsverknad for bonden bør overførast til ordinære postar på statsbudsjettet.

For Venstre handlar distriktspolitikk om å legge til rette for at alle skal ha høve til å bruke sine evner til beste for seg sjølv og samfunnet. Skal vi få det til, må vi ha ein god verdiskapingspolitikk, og Venstre meiner det er mykje god næring i god mat.
Lokal produksjon av mat og drikke vil vere viktig for framtidas landbruk, for reiselivsnæringa og ikkje minst for levande og aktive bygdesamfunn. Venstre vil derfor stimulere til ein renessanse for norsk matkultur.
Det ligg eit stort potensiale i vidareforedling og bearbeiding av landbruks- produkt. Vi ønskjer å liberalisere regelverket for foredling av mat på eigen gard, utan at det går ut over helsetryggleiken. Her handlar det om å rydde opp i unødvendig regelverk og detaljstyring som hindrar kreativitet, gründerverksemd og lønsemd. Levande bygder og eit sterkt reiseliv er avhengig av næringsutviklinga i distrikta. Venstre har tru på at ei styrka satsing på lokal produksjon av mat og drikke vil bidra til dette.

Landbruket er ei stor næring i Gloppen med ca. 500 årsverk av tils. ca. 3000 arbeidsplassar totalt i kommunen. Mjølkeproduksjonen står pr. i dag sterkast og omsetjinga totalt i mjølkeproduksjonen i Gloppen ligg mellom 60-65 mill. kr. årleg. Til samanlikning må vi ta med at utbygging av ca. 20 grunneigar-eigde småkraftverk i drift (der ca. 100 bruk har fallrettar) vil i 2011 ha ei omsetjing på nær 100 mill. kr.! (ca.250-270 Gwh). I tillegg har vi eit mangfald av produksjonar innan kjøt,egg (sau,geit, storfé, svin), frukt, bær og grønsakproduksjon.

Med offensiv haldning og tilrettelegging av rammevilkår frå politisk hald og vilje til nyskaping og produktutvikling frå næringa sjølv, har eg tru på ei livskraftig og mangfaldig landbruksnæring i Gloppen i framtida!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**