Stem Venstre for betre innvandrings- og integreringspolitikk

Raskare i aktivitet, meir desentral ingreringspolitikk i Orkdal, og hjelp til å få førarkort. Dette er blant elementa i Orkdal Venstre sin integreringspolitikk som du kan lese meir om i dette innlegget (som stod i avisa ST 8. sep.)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Eit viktig mål med integreringsarbeid er at våre nye landsmenn raskast mogleg skal integrerast og blir likeverdige samfunnsborgarar. Derfor meiner Venstre at innvandrarar bør få undervisnings- og opplæringstilbod og tillating til å arbeide med ein gong dei kjem. Sjølv personar som er gift norsk — men som kjem frå andre verdsdelar — kan no bli nøydd til å vente i månadsvis på språkkurs, tillating til å arbeide — og noko så enkelt som førarkort. Kva oppfordring er det til integrering?

Venstre ønskjer ein meir desentral integreringspolitikk i Orkdal, der fleire barnehagar og skular blir involvert og med spreiing av bustadtilbod. Vi vil også styrke rådgivinga når det gjeld å skaffe eigen bustad, og vil ha tiltak for å gjere det lettare å kjøpe bustad for folk med lite eigenkapital. Dessutan vil Venstre ha tiltak for å hjelpe kvinner med ikkje-vestleg bakgrunn til å få kjøreerfaring og førarkort, slik at behov for bil ikkje blir eit hinder for likestilling og integrering i samfunnet. Mange fritidsaktivitetar, bl.a. for ungane, er lettare tilgjengelege med bil.

I ei naiv tru på at vi skal kunne lage system utan smotthol, og i frykt for at nokre få på urett vis skal sleppe inn i landet, har vi laga system som trakkar på enkeltpersonar. Sjølv SV i regjering har ikkje betra på dette. For Venstre er menneske viktigare enn system. Derfor set Venstre folk først.

Hanne Kvernmo, Lone Kvålsvoll og Lavrans Skuterud, Orkdal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**