Fra Kleppeloen til havet

Klepp Venstre ønsker ein samanhengande turveg frå Kleppeloen til havet! Ei stemme til Venstre er ei stemme til representantar som vil arbeide for eit aktivt friluftsliv gjennom turløyper, nærmiljøanlegg og sykkelstiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Tursti

Vår visjon om å knytte sentrum til havet vil me søke å få realisert ved bruk av eksisterande stiar, gards- og traktorvegar. Grunneigarar vil få ei årleg godtgjering og me vil få nok eit høve til å kome oss ut og nyte kulturlandskapet. Jæren er best til fots eller frå sykkelsetet!

Aktivt friluftsliv gjer god livskvalitet og er eit viktig tiltak for folkehelsa, samtidig som kontakt med naturen gjer oss merksame på kor viktig det er å verne jorda me har rundt oss her på Jæren. Derfor er det ei oppgåve for kommunen å leggja til rette for at flest mulig av innbyggjarane våre kan kome seg ut på tur. Klepp Venstre ønsker også å få etablert tur og trimgrupper for eldre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**