Kommentar til Elisabeth Busengdal (Ørsta AP) i MN laurdag

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Det er ikkje vanskeleg å vere samd med Elisabeth Busengdal i mykje av det ho skriv om i innlegget sitt. God helse og auka livskvalitet er viktige satsingsområde i eit framtidig Ørsta. Sunnmørsalpane er eit eldorado og boltre seg i for mange. Det er likevel ei kjennsgjerning at ikkje alle har føresetnader til å nytte seg av dette unike fritidstilbodet og kanskje heller ikkje har interesse for dette. Det er vel også slik at været ikkje alltid spelar på lag med aktiviteten. Vi må då legge til rette for gode turvegar og stiar og ikkje minst andre aktivitetar. Venstre meinar ein i tillegg bør legge inn sykkelfelt i framtidige vegar og i eksisterande vegar der dette er mogeleg.

Busengdal nemner vidare at AP også satsar på bygging av fleirbrukshall i sentrum. Då plassering av fleirbrukshallen var oppe som sak i kommunestyret, stemde to av AP sine representantar (Fagerhol og Mo) imot plassering på Mosflata (2 mot 32 røyster). Api vil renovere og bygge på eksisterande hall i sentrum med ei fleirbruksflate. Arbeidarpartiet er det einaste partiet som vil gå for denne løysinga, jamvel om fleire av representantane stemde for plassering på Mosflata. Idretten har gjennom sine organ vore klare på kva dei ynskjer, og det er viktig for Venstre å lytte til brukarane sine ynskje. Difor vil Venstre byggje fleirbrukshall tilrettelagt for mange aktivitetar på Mosflata og utvikle det regulerte idrettsområdet der til eit moderne anlegg for framtida med mellom anna skaitepark.

Gunnar Knutsen
Ørsta Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**