Paneldebatt i Askvoll

Onsdag 31. august vart den tradisjonelle paneldebatten avholdt i Askvoll. Aleksander Åsnes frå Førde, ungdomskandidat og nr. 3. på fylkestinglista var Venstre sin debattant frå fylket. Askvoll sin ordførarkandidat Bjørn Arne Mjåseth sat i panelet frå lokallaget. Mari Lorense var den yngste tilhøyraren blant publikum.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

 Aleksander Åsnes og Bjørn Arne Mjåseth var Venstre sine debattantar

Aleksander Åsnes og Bjørn Arne Mjåseth var Venstre sine debattantar

 Mari Lorense med Venstre-smokk

Mari Lorense med Venstre-smokk

 Standen til Askvoll Venstre

Standen til Askvoll Venstre

Alle partia hadde stand før debatten vart sett i gang. Her var mange innom Venstre sin stand. Mellom anna elevar frå 10. klasse ved Bulandet skule som hadde om kvar sine parti. Ei gruppe på tre elevar hadde om Venstre. Dei fekk utdelt penner, ballongar, snop og t-skjorte som dei kunne ta med når dei skulle ha framføring om Venstre.

Den yngste blant publikum var Mari Lorense som kom med mamma Gunhild. Berre nokre månader gammal kan vi trygt seie at ho allereie har fått Venstre inn med morsmelka, og ikkje nok med det — ho hadde i tillegg smokk med Venstre-merke.

Sogn og Fjordane Venstre sin 2. nestleiar, Vigdis Tonning var også tilstades i Askvoll som sjårfør for Aleksander.

Under debatten gjorde både Bjørn Arne og Aleksander ein glimrande innsats. Bjørn Arne snakka mykje om tenestetilbod til innbyggarane i kommunen og Atløysamband.

Aleksander snakka miljø og herunder mykje om fjorddeponiet ved Engebø som vil true livet i ein nasjonal laksefjord, samt kvalitet i dei vidaregåande skulane i fylket som vert trua av synkande elevtal.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**