Svar til Utdanningsforbundet og lokalagsleiar Geir Oddekalv

Det er ikkje lett å skilje dei ulike partia når dei snakkar om korleis dei skal satse på skulen. Det ser ut som dette er eit av hovudfokusa for politikarane både sentralt og lokalt i valkampen. Dette er Venstre i Ørsta svært glade for.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Å vere lærar i norsk skule har heilt klart ikkje same statusen som nokre tiår sidan. Det er heller ikkje slik som i enkelte andre yrke at ein kan importere lærarar frå andre land for å dekkje opp eit framtidig underskot på lærarar. Ein må på ulike vis satse på yrket og stimulere unge til å velje læraryrke.

I Ørsta har ein starta ein prosess der ein renoverer og bygger nye skular i dei ulike krinsane. Dette er og bør vere ein kontinuerleg prosess som ikkje kan kallast ei satsing på skule, men ein naturleg konsekvens.

Det er rett som Oddekalv seier at det har vorte lagt ned mange skular i Ørsta siste åra. Ikkje mindre enn 9, trur eg, på dei siste 10 — 12 åra. Dette har vorte gjort fordi skulane har vore små og det har truleg vore rett å gjere det. Likevel har ikkje desse nedleggingane ført til meir pengar til dei attverande skulane. Sektoren har gjort jobben, men har ikkje fått drege nytte av fordelane med sentraliseringa. Det kan sjå ut som den økonomiske vinsten ein har fått ved å legge ned skular, har vorte nytta i andre sektorar. Dette vil eit sterkt Venstre i kommunestyret ikkje gå med på.

Spørsmål 1 frå Utdanningsforbundet: Kva meiner ditt parti vil vere dei beste verkemidla for å rekruttere og behalde lærarar/skuleleiarar i kommunen? Kva verkemiddel må til?
Venstre meinar at ved å gi dei tilsette i skulen i Ørsta (minst) like gode vilkår som i nabokommunane , vil gjere det lettare for gode lærarar å velje Ørsta. Dette vil vere skuleeigar sitt ansvar. Vidare vil det sosiale arbeidsmiljøet på kvar enkelt arbeidsstad vere viktig. Dette kan ikkje vedtakast, men verte ei utfordring for den enkelte skule, skuleleiar og ikkje minst den enkelte lærar. I Ørsta arbeidar ein med å betre det fysiske arbeidsmiljøet på dei fleste skulane. Venstre vil etterlyse ein plan på dette arbeidet og vere aktiv i prosessen.

Spørsmål 2 frå Utdanningsforbundet: Kva meinar de må til for å heve statusen til læraryrket, og dermed sikre tilgangen på (gode) lærarar?
Dette spørsmålet finst ikkje korte og enkle svar på. Ein kan ikkje svare at ved å auke løna, aukar ein statusen. Det handlar om så mykje meir. Ei fersk undersøking mellom lærarane seier at rundt 80% av dei er nøgde med å arbeide som lærar og berre 4% seier dei er misnøgde med yrke. Dette er positive tal som fortel oss at å arbeide som lærar gir god sjølvkjensle og status, i alle høve innanfor yrkesgruppa. Elles i samfunnet ser ein nok annleis på dette. Her verkar det som læraren ikkje har same statusen som før. Her må ei haldningsendring til både rundt kjøkenbordet og heilt til kommunestyresalen og jamvel til Stortinget. Lærarane har ansvar for den viktigaste kapitalen i eit samfunn og må få status deretter. Samfunnet har vore gjennom store endringar dei siste tiåra der ein mellom anna ser at vi har mange oppløyste heimar, har fått mange nye nordmenn og born som "oppheld seg" i ei digital verd vi ikkje kjenne omfanget til. Utfordringane rundt borna står i kø for læraren og ramebetingelsane for å gjere ein god jobb må vere tilstades.

Spørsmål 3 frå Utdanningsforbundet: Vil du og ditt parti prioritere auka resursrammer til skulane, slik at ein kan få nok midlar til spesialundervisning, tilpassa opplæring , og tettare lærardekning?
Eit sterkt Venstre og politikarar med fokus på skule vil vere ein garantist for at dette vert prioritert i komande kommunestyreperiode. Det er vanskeleg å love nok midlar til spesialundervisning då dette truleg vil vere vanskeleg å fylje opp. Kanskje kan ein redusere behovet for spesialundervisning ved å etter- og vidareutdanne lærarar slik at ein kan redusere behovet for spesialundervisning, og at ein heller nyttar resursane til færre elevar pr lærar.

Spørsmål 4 frå Utdanningsforbundet: Vil du og ditt parti vere villig til å satse på auka etter- og vidareutdanning for lærarane?
Venstre, både lokalt og nasjonalt, meinar dette er eit av dei viktigaste verkemidla for å få ein betre skule i landet, og vil sjølvsagt arbeide for å få dette til.

Spørsmål 5 frå Utdanningsforbundet: Korleis vil du og ditt parti legge til rette for at rektorar og lærarar brukar tid på dei viktigaste oppgåvene i skulen, undervisning og pedagogisk leiing — og ikkje "druknar "i byråkratiske arbeidsoppgåver?
Venstre har etterspurt eit "regelråd" som kan sjå på kva reglar og krav ein kan fjerne frå skulen. Leiaren i Venstre, Trine Skei Grande og Venstrefolk over heile landet, er ein sterk pådrivar for at rektorar og lærarar skal få betre tid til å drive skule og å undervise. Byråkratisering av lærarrolla må stoppast og læraren må få betre tid til planlegging, undrevisning og vurdering. Det må opnast for at skulen kan få fylt støttefunksjonar slik at skuleleiarane kan konsentrere seg om kjerneoppgåvene.

Venstre tek skulen på alvor. Godt val

Gunnar Knutsen
Ørsta Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**