Kultur er demokrati

Ein aktiv kulturpolitikk heng saman med vern av ytringsfridom. Kva slags samfunn vil vi ha i Ørsta? Dette er mellom kjernespørsmåla for Venstre mot kommunevalet i 2011.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstre sitt slagord «Folk først» gjev lovnader om eit parti som vil aktivt arbeide for at Ørstasamfunnet skal vere eit levande samhald for alle. Vi veit at krava til det einskilde mennesket aukar og at ulike problemstillingar for mange vert uoverkomelege. Dette utfordrar oss alle og gjer at vi må legge tilrette for mangfaldet.

Mangfaldet sikrar at den einskilde kan finne sin plass.

Venstre vil i denne perioden mellom anna aktivt bidra til å utvikle kulturlivet, både det frivillige og det profesjonelle. Det frivillige foreiningslivet er formidlarar av kunnskap, dei er særs viktige kulturberarar, samfunnsbyggarar og dei fungerer som «demokratiske skular».

Venstre ynskjer å gje dei frivillige kulturberarane og eldsjelene best moglege sjansar for vekst utfrå eigne vilkår. Dette inneber offentleg tilrettelegging, støtte og merksemd. Særleg vert det i Ørsta viktig å legge tilrette for at barn og unge skal ha arenaer som gjer dei i stand til å engasjere seg i kultur og idrett. Venstre vil arbeide aktivt for kulturskule for alle og at ein fleirbrukshall vert realisert i sentrum!

Ørsta Venstre ynskjer å støtte eit levande kulturliv på alle områder, og vi trur vi treng meir av det. Dette er viktig for omdømmebygging og det er også er ein faktor for trivsemd og tilflytting. Folk skal trivast der dei bur og folk må få høyre at det er triveleg å bu i Ørsta. Vi kan legge tilrette for det, og vi har nok plass. Ørsta Venstre vil arbeide for at folk skal kunne etablere seg over alt i kommuna vår.

Mykje viktig kulturarbeid lever utan offentleg støtte og merksemd. Venstre vil at alle skal få del i offentleg merksemd ved å erstatte statleg detaljstyring med desentralisering av makt til det lokale nivået. Dette tyder at lokale initiativ og verksemder skal ha økonomisk makt, gjennom nøytrale offentlege ordningar frå kommune og stat. Det handlar om at vi kan få ei ordning som gir alle plass, som tek omsyn til alle og som sikrar eit mangfald.

Mangfaldet gjer at alle kan finne ein trygg ståstad, meining og rotfeste i tilveret. Dette er viktigast for Venstre. Folk Først.

Kyrre Grimstad

Ordførarkandidat for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**