Bruk stemmeretten din mandag! Det er du som avgjer kva som skal skje i Jølster!

Les Judith Kapstad sin apell på Festkveld for demokratiet måndag 22.8.2011

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Det viktigaste av alt for ei landskommune ute i distrikts-Noreg som Jølster, er at folk ynskjer å bu her og flytte til kommunen, og ikkje frå den. Det er det som tel. Kva er det då vi i Venstre vil leggje vekt på i den politikk som skal førast framover?

Glad Venstregjen i Jølster

Foto: Leif Kapstad

1. Bulyst

Vi må halde vedlike og vidareutvikle den gode bulyst i kommunen , og det gjer vi med mellom anna å leggje til rette for bustadbygging, dvs. at vi har godt med ledige tomte til ein kvar tid, og at vi held på ei aktiv bu og driveplikt innan landbrukseigedommar. For vi ligg strategisk plassert midt i fylket, og kan såleis trekke til oss folk som har arbeidet sitt i eit stort omland kring Jølster.

Vi skal vere ein tilflyttingskommune. Då må vi vere god som bustadkommune for folk, og då gjeld det at vi har gode barnehagar med nok plassar, gode skular som har nok klasserom, bygningar som gjev rom for gode fritidsaktivitetar enten det no er innan idrett, musikk og kunst og kulturliv. Vi må ha mangfald og variasjon som gjev kraft og skaparglede. For som eit ungt par sa då det skulle grunngje kvifor dei kom til kommunen, – og ikkje valde ein annan kommune; — Det er viktig å bu ein plass som ikkje støvar ned, men er aktiv og utviklar seg. Då må vi skape rom for det, og eit av dei viktige mål vi no må ha for auge, er å få realisert ein fleirbrukshall lokalisert i nærleiken av Vassenden skule. Dette treng skulen i undervisninga, dette treng barn og unge i fritida, og dette treng folk som møteplass og høveleg forsamlingslokale. Berre tenk på kor viktig det har vore for trivsel og bulyst at vi aktivt har satsa på utbygging av skianlegg, golfbane, kunstgrasbaner for fotball og lysløype for langrenn , sykkel og gangvegar med meir.

Som eg sa i starten, vi bur midt i fylket, og det på både godt og vondt, for vi har E39 som går tvers gjennom kommunen, og med det ei stor trafikkåre med alle dei biverknader som det dreg med seg. Då er det viktig at vi heng på og seier klart i frå korleis vi vil ha det for dei mjuke trafikantane, der gang- og sykkelveg på nordsida vert svært viktig.

2. Helse
Det andre hovudpunktet som gjeld for ei god bustadkommune , er at vi tryggjer gode helsetenester til alle, og då tenkjer eg på alle, — frå borna er små, til vaksenlivet og alderdomen. Vi må kunne rekruttere dei gode fagfolka med den rette kompetanse, og vi må skape stabile fagmiljø med gode og motiverte fagfolk som gjer sitt beste for befolkninga. Vi skal ha god kvalitet på tenestene, og skal ikkje ligge tilbake for det nivå på tenestene som ein har i bykommunar og store kommunar ute i distrikta. Venstre meiner vi har 2 gode pleie- og omsorgsentra på Skei og Vassenden.

3. Kultur

Jølster er ein liten kommune, men ein stor kulturkommune, og vi har mykje å vere stolte av.
Då nemnar eg først og fremst Astruptunet. Vi vil at tunet skal vere eit trekkplaster for folk både frå inn- og utland, ein plass for ei god kunst, natur og kulturoppleving , også noko som løftar kommunen opp som ein reiselivskommune. Vi meiner at ei god kulturpolitikk i Jølster og er ei god næringspolitikk for kommunen. Det skapar arbeidsplassar og gjev det ekstra som gjev oss fortrinn og godt omdøme når vi blir trekt fram i samanlikning med andre kommunar. Her i Jølster har vi så mykje å vise fram, så mykje å stoppe opp med , og det må vi vidareutvikle og halde vedlike, men vi skal og sleppe nye tankar og idear fram, bruke skaparkrafta hjå den enkelte og aktivt dyrke fram ny giv.

4. Næring

Vi er no nesten i mål med ei stor ny næringsetablering på Skei, dette viser at skal vi nå fram i konkurranse med andre kommunar om etableringar, så må vi ha næringsareal til rådvelde, for vi ligg strategisk plassert midt i fylket. Samarbeid mellom nabokommunar kan og vere ein god veg å gå for å nå målet om næringsetableringar , slik vi har lagt til rette for på Moskog.

I Jølster kan vi og gled oss over at vi har optimisme og vilje til nysatsing i landbruket, og det har vært aktiv satsing innan samdrift. Men det er og viktig at det er system som gjer at det kan vere liv laga og drive for seg sjølv innan landbruket. Det er naudsynt om vi skal få behalde det vakre kulturlandskapet i bygda vår og busetnad i alle grender i heile kommunen.

Det er folket som styrer landet vårt, og her i Jølster, i vår litle men trass alt store og viktige verd for liva våre, — som vi leve nett no huks det er vanlege folk som bli valde av deg for å styre denne kommunen på ein slik måte at her framleis vert godt å bu og leve!

Godt val!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**