Venstre er det KONKRETE miljøpartiet i Arendal

Venstre foreslo og fekk fleirtal for 50% rabatt på kommunale gebyr for dei som bygger miljøvennlege hus etter såkalt passivhusstandard. Venstre fekk fleirtal for at alle i Arendal skulle få postkassemerke med Ja til uadressert reklame,

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Passivhus Växjö innvendig

Passivhus Växjö innvendig
Foto: Jan Kløvstad

og at berre dei som aktivt ville velje å få postkassa si fylt av reklame skulle få det. Men det SV-styrte Miljøverndepartementet nekta oss det. Derfor foreslo Venstre at alle skulle få velje merke med FN-symbol der det står NEI til uadressert reklame. Venstre foreslo at kystjernbanetrasé bør leggast saman med E18-trasé mellom Arendal og Tvedestrand da bystyret hadde sjanse til å uttale seg om E18-planen. Men INGEN andre støtta Venstre i bystyret.

Venstre foreslo gjennomføring av Earth Hour i 2010, og har stått i spissen for arrangementet både i 2010 og 2011. Venstre foreslo gratisbuss i rushtida Krøgenes-Nedenes, men fekk ikkje støtte frå noen andre. I tillegg har vi reist mange miljøinitiativ gjennom fleirtalssamarbeidet i saker som er komne opp i Komiteen for kultur, miljø og næring der Venstre ikkje har hatt medlem denne perioden.

I kommuneplanutvalet gjekk Venstre inn for å halde området mellom Skare og Hastensund som fritt for hyttebygging, og fekk med alle bortsett frå SV, SP og ein frå FrP. Dei tre ville åpne for hyttebygging, noe som ville ført til om lag 20 grunneigarønske om hyttefelt — med krav om likebehandling. Resultatet ville blitt gjennomprivatisert turterreng, etter kvart terreng utan sjanse til å gå tur utan å sjå hytteveggar nesten overalt. I resten av kommuneplanen har Venstre stått for dei mest miljøvennlege alternativa, heldigvis i dei fleste saker saman med SV.

Så Barbu

I forrige periode var det diskusjon i bystyre og fylkesting om det skulle byggest vidaregåande skole i Barbu eller i Myra. Venstre gjekk for Myra, fordi vi var redde for at det ville bli for stort og dominerande med Sam Eydes videregående skole i Barbubukt. Når eg les blogginnlegget frå SVs fylkesleiar Thore Wiig Andersen om at SV har vore konsekvente for park i Barbu i motsetnad til alle andre, er det kanskje grunn til å spørre SV: ville det blitt plass i Barbu både til det skoleanlegget vi nå ser i Myra og ein så stor park som det Venstre og SV vil ha?

Historieformidling krev kunnskap om historia. Vi i Venstre er svært glade for at SV har snudd i Barbusaka. Nå må vi i fellesskap få dei beste miljøløysingane framover.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**