Nordfjord kan bli best på utdanning

– Nordfjord bør ta mål av seg til å bli ein føregangsregion for vidaregåande og høgare utdanning, seier Venstre sin førstekandidat i Eid ved kommunevalet, Alfred Bjørlo. – Målet må vere at ungdom i Nordfjord samla sett skal ha det beste og mest komplette vidaregåande utdanningstilbodet i Sogn og Fjordane, og at vi samla bør ha etablert minst 200 studieplassar innanfor høgare utdanning innan 2020.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Alfred Bjørlo

Foto: Steinar Engeland

Skulestrukturen i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane er under press, på grunn av fallande elevtal. Fylkeskommunen varslar at opptil fire vidaregåande skular må bort i løpet av dei neste åra. Det er ein reell fare for at denne prosessen endar opp med skulenedlegging også i Nordfjord.

Skulestuasjonen i Nordfjord er ekstra krevjande, fordi vi har fire relativt jamstore skular. Det vil vere ei ulukke for heile regionen dersom det no blir ein “alles kamp mot alle” mellom skulane i Nordfjord, og vår region kjem ut som ein tapar i skulestruktur samla sett. No må vi lære av røynslene frå sjukehussaka: Vi må legge ein klar strategi i forkant – ein strategi som er felles for Nordfjord og som legg til grunn vekst og utvikling, ikkje nedbygging. Det samla utdanningsbehovet i samfunnet vil auke, ikkje minke, i åra som kjem! Det er difor meiningslaust å “bygge ned” store og gode utdanningsmiljø som Eid vgs pga ein kortvarig reduksjon i talet på 16-19 åringar, som berre er ein del av den samla elevmassen som i framtida vil trenge stadig meir utdanning og fagleg påfyll.

Å arbeide for dette bør vere eit tverrpolitisk mål alle nye folkevalde i Nordfjord-kommunane går laus på så snart valet er over. Her er ikkje partigrensene viktige. Her må vi stå saman! Eid kommune og Eid vgs har gjennom si fantastisk positive utvikling dei siste åra eit utmerka utgangspunkt for å setje seg i førarsetet for ein slik strategi.

Viktige punkt i strategien bør vere:

1. Spissing på kvar skule med fleire fylkesdekkande linjer
Kvar av skulane i Nordfjord må bygge opp og reindyrke unike tilbod som er spesielle for sin skule og tiltrekker elevar frå heile fylket. Eid har her eit ypperleg utgangspunkt med sitt elektro- og automasjonsmiljø, industriteknologi, samlokalisering med Operahuset/Malakoff/ kulturbasert næring og design/handverk. Ser ein dette i kombinasjon med Måløy vgs si spissing på marine og maritime fag og TAF (tekniske- og almenne fag), har ein i Midtre/Ytre Nordfjord allereie eit samla industri- og teknologiutdanningstilbod som er det leiande i Sogn og Fjordane på sitt område. Her er det potensiale for å spisse og utvikle dagens tilbod endå meir, mellom anna knytt opp til Lefdal Gruve-prosjektet, som vil vere ein enorm drivar for vekst og kompetansebehov i heile regionen.

2. Oppretting av høgskuleutdanningar og nye tilbod for etter- og vidareutdanning
Elevtalet i vidaregåande skule vil gå nedover, men det samla utdanningsbehovet i samfunnet vil auke sterkt i åra som kjem. Nordfjord er i dag sterkt underrepresentert når det gjeld høgare utdanning (kun eit avgrensa tilbod på Sandane, som vi sjølvsagt må slå ring om). Vi må ha mål om oppretting av minst 200 studieplassar innanfor høgare utdanning i Nordfjord samla sett, med vekst spesielt innanfor høgare utdanning retta mot næringsliv, industri og teknologi. Ein tanke kan vere å etablere ein eigen paraply “Høgskulen i Nordfjord” – evt kan ein søke samarbeid med større næringslivsretta utdanningsmiljø som Høgskulen i Ålesund eller NTNU/SINTEF.

Det same gjeld på etter- og vidareutdanning. Her vil det vere eit stadig aukande behov i åra som kjem. I staden for å “eksportere” nordfjordingar ut av regionen når dei skal etter– og vidareutdanne seg, burde vi ta sikte på å gjere Eid vgs til eit senter for etter- og vidareutdanning med netto “import” av studentar inn til Nordfjord, ikkje eksport som i dag.

3. Felles tilbod på studiespesialisering
På studiespesialiserande fag (tidl. almennfag) har Nordfjord ei spesiell utfordring. Vi har truleg nok elevar til at alle skulane kan ha eit “minimumstilbod” på studiespesialisering, men problemet med det er at alle skulane får for små fagmiljø til at dei kan tilby god nok fagbreidde i t d realfag og språkfag.

Dette bør løysast ved at skulane langt meir enn i dag samarbeider om felles opplegg for å sikre full fagbreidde for alle elevar i Nordfjord som tar studiespesialisering, uansett kva skule dei går på. Ved å ta i bruk ny videokonferanseteknologi kan ein enkelt få til felles undervisningsopplegg i “spissa” fag for fleire skuler. Då kan ein også tilby meir sjeldne fag som t d russisk eller avanserte teknologifag på skulane i Nordfjord, og med det gi ungdom i Nordfjord eit betre utdanningstilbod enn nokon andre stader i fylket.

4. Bli best på ny teknologi – tilby undervisning frå heile verda “live on screen” i Nordfjord
Dei vidaregåande skulane i Nordfjord bør bli føregangsskular på innføringa av ny teknologi som til dømes videokonferanse og digitale klasserom. Dette vil gi betre samarbeid mellom skulane og auke kvaliteten på undervisninga ved å dra inn relevant kompetanse frå heile verda. Ved bruk av ny teknologi er det også fullt mulig å tilby desentraliserte universitetsstudium i Nordfjord, t d med forelesingar direkte streama frå NTNU i Trondheim eller NHH i Bergen. VideoNor i Måløy sit allereie på teknologi som gjer dette mulig, og alle skulane er kobla saman på eit førsteklasses fibernett som fjernar alle tekniske begrensingar for kva som er mulig.

5. Bygg opp skulemiljøa i Nordfjord som Norges fremste skulesenter for ungdom innan fornybar energi.
Med framveksten av ny teknologiindustri i regionen, t d Lefdal Gruve og vindkraft/ småkraft/energiteknologi, er dette eit fantastisk spennande vekstområde for vår region på vidaregåande utdanning. Kanskje kan Nordfjord bli eit senter for “energiutdanning” for ungdom også nasjonalt? Vindkraftsatsinga i Måløy, Lefdal gruve, kompetansemiljøet på Eid på elektro/automasjon/fjordvarme og SFE/småkraftsatsinga i Gloppen gir eit meget spennande utgangspunkt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**