Ny driv for Eid

Alle val er viktige, men for oss som bur i Eid og er glade i Eid er årets kommuneval spesielt viktig.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Gunvald Ludvigsen

Foto: Valavis 2005

Kommunen vår står overfor ei rekkje krevjande utfordringar i kommande valperiode. Aktuelle saker kampen for å halde på statlege og fylkeskommunale institusjonar (sjukehus og vidaregåande skule), E39 Nordfjordbrua og anna samferdselsatsing, og eit sterkare og meir forpliktande regionalt samarbeid i Nordfjord.

Andre viktige saker for Eid dei neste fire åra vil vere bygging av nytt omsorgssenter, auka satsing på skule og næringsutvikling og tilrettelegging for unge som vil etablere seg i Eid.

For å løyse desse oppgåvene treng vi fast politisk styring og frisk nytenking.

Til valet 12/9-11 stiller Eid Venstre med ein ordførarkandidat og ei liste av personar elles som vil gå inn i det lokalpolitiske arbeidet med engasjement, kunnskapar og optimisme.

Alfred Bjørlo – listetoppen vår – er ung av år, men har allereie lang røynsle frå politisk arbeid – også på nasjonalt nivå. Han er idérik og skapande, har gode kunnskapar og stor arbeidskraft. Han brenn for å skape nye arbeidsplassar, ny næringsverksemd og ny vekst i samfunnet vårt.

Vi meiner det vil vere rett med eit ordførarskifte no. Vi treng friske, initiativrike krefter i den politiske leiinga. Vi treng pågangsmot, handlekraft og ny framtidstru.

Vi treng ny driv – og ny giv! Vi bed deg difor om å stemme Venstre den 12. september. Godt val!

Kjell Nøstdal, ordførar (V) i Eid 1991-93
Gunvald Ludvigsen, ordførar (V) i Eid 2003-05

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**