Venstre med tre mandat i kommunestyret

Hareid Venstre vil nytte høve til å takke alle sine veljarar i haustens val, og takke for tilliten. Vi har ein viktig jobb å gjere dei fire komande åra, og ser fram til ei spennande periode både i kommunestyret, formannskapet og i utval.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Hareid Venstre 2011-1

Foto: Ole Frank Bakken

Hareid Venstre fekk inn tre mandat, og har i tillegg med seg ei dyktig vararekke den komande perioda.

Etter forhandlingar onsdag kveld blei det klart at Hareid kommune får ordførar frå Høgre og varaordførar frå Folkelista dei komande fire åra. Venstre, Krf og Arbeiderpartiet støttar også koalisjonen, med andre ord brei samling i Hareid. Under kan de lese pressemeldinga som er sendt ut i høve samarbeidet.

Venstre vil jobbe vidare for god Venstre-politikk i kommunen, og set pris på innspel frå medlemmane våre. Måndagen i forkant av kvart kommunestyremøte (datoar på heimesida til Hareid kommune) har vi gruppemøte på Hareid Rådhus kl 19.15. Vi vil gjerne at fleire tek del på desse.

Hareid Venstre 2011-2

Foto: Ole Frank Bakken

Pressemelding:

BREI SAMLING I HAREID

Seint i går kveld/natt kom Folkelista, Høgre, Venstre, Ap og Krf til brei semje om eit valteknisk og politisk samarbeid for kommande valperiode. Det viktige for desse partia var å finne ei breiast mogleg semje og plattform for å kunne styre Hareid dei neste 4 åra på ein god måte. Avtalen har eit valteknisk preg, men ein er og samde om nokre hovedliner politisk. Dessutan meinar vi at avtalen speglar det velgarane har sagt på valdagen og partia har såleis fått den styrke i avtalen som valresultatet tilseier:

– Høgre får ordføraren v/ Anders Riise
– Folkelista får varaordføraren v/ Dag Audun Eliassen
– Ap, Venstre og Krf er sikra plass i formannskapet
– Frp vert tilbyd leiar i kontrollutvalet
– Det viktigaste er fokus på økonomi, Hareid kommune må gjenvinne den økonomiske handlefridomen i denne valperioda og sikre at vi legg oss på eit driftsnivå som er tilpassa inntektene.
– Det skal vere 1-7 klassar i Hjørungavåg og Bigset i den komande 4 års perioda
– Fellesarealet ved Brandal skule skal bevarast for bygda. (kjøkken, gymsal, ballbinge og uteområde)

Avtalen har og fleire moment som ikkje her er tatt med her og endeleg avtale vert å sende ut i si heilheit i kommande veke. Dette har si årsak i at sentrale aktørar er opptatt med reiser resten av denne veka.

Mvh

Folkelista
Høgre
Venstre
Arbeidarpartiet
Kristeleg Folkeparti

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**