Til innhold
Hareid Venstre

Framover med Venstre

Hareid Venstre

Hareid Venstre vil gi fridom til den enkelte, samtidig som vi skal ta vare på fellesskapet og miljøet. Vi trur på skaparkraft, frivillig innsats, dugnadsånd og lokalt sjølvstyre for å skape eit godt samfunn.

I perioda 2019-2023 har Hareid Venstre tre representantar i kommunestyret og sit i posisjon saman med Folkelista, Arbeidarpartiet og Krf. Annika Brandal er varaordførar vår, og vi brenn for å ta Hareid vidare inn i framtida, som ei vekstkommune som er i stand til å ta vare på både born, ungdom og eldre. Du finn oss også på Facebook og Instagram. Spør gjerne om det er noko du lurer på.

Desse områda er viktige for Venstre:

  • Skule

    Det viktigaste for ein god skule er gode lærarar. Då får vi ein skule som satsar på kunnskap og som gir like moglegheiter til alle barn.

  • Miljø

    Venstre vil ta Noreg i ei ny, miljøvenleg retning. Vi vil satse på kollektivtransport og ny teknologi. Lofoten, Vesterålen og Senja må vernast.

  • Velferd

    Dei fleste har det godt i Noreg, men vi målast etter korleis vi tek oss av dei svakaste. Venstre vil ha eit krafttak for å minske antalet fattige barn.

  • Verdiskaping

    Venstre vil ha ein moderne næringspolitikk. Vi vil legge til rette for eit næringsliv som skapar nye verdiar og gir grøn vekst.

Våre folk