Heller sparsomt med store og svulstige ord

17. mai er gledens dag, ein dag som markerer sjølvstende og folkestyre, i barnetog, leik, talar. 17. mai er også ein minnedag, her på kjerkehaugen i Austre Moland.
Er det meir å seie om andre verdskrigen?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Minnestøtta står her.
Namna på dei som ofra livet sitt for fridom og fred står her, 11 i 2. verdskrigen, 12 i den første. Skal vi berre gå vidare, seie at nå er vi ferdige med det som her i landet er Krigen med stor K?
Nei, vi skal heidre dei som kjempa. Og vi kan kanskje forstå meir av kva dei kjempar for i Libya, Tunis, Jemen, Syria, Egypt. Vi må vite kva som skjedde her i 1914-1918, i 1940 til 1945 for å forstå kva folk bak det kommunistiske jernteppet sleit med heilt frå 1940 til Berklinmuren fall hausten 1989. Og kanskje kan vi også tru på ein arabisk vår.

Stadig får vi vite meir, sjølv nå over 85 år etter fredsdagane i mai 1945.

I vinter og vår har eg reist eindel rundt saman med Monrad Mosberg, 93 år gamnal og busett på Sandøya i Tvedestrand. Monrad Mosberg var med på farlege tokt mellom Shetland og norskekysten. Han var om bord på KNM Svenner da båten blei torpedert utanfor Normandie på D-dagen 6. juni 1944. Etter ein halv time i sjøen blei han plukka opp av eit amerikansk redningsfartøy. Da han langt om lenge kom seg til hovudkvarteret i London viste det seg at noen hadde funne kommeboka han hadde mista under sendkinga av KNM Svenner. Monrad Mosberg fekk lommeboka og ein pose med forskjellige dokument. Det eine dokumentet var dødsattesten hans:
"Killed: in Action 6 June 1944
Place of Burial: Unknown"
Falt i kamp 6. juni 1944 — gravplass ukjent. Monrad Mosberg har sin eigen dødsattest hengande på veggen heime på Sandøya. Men han er meir opptatt av dei som mista livet, i kampen mot nazismen, i kampen for fred og fridom.

Her heime i Austre Moland var det også motstandskamp. Mykje av dette har vi kjent til. Men så seint som i fjor kunne Knut Engelskjøn grave fram ukjente opplysningar. Knut har skrive ein grundig artikkel i årsskriftet til historielaget, "Dei gav oss ein arv". Mange av oss fekk lese om ei for oss ukjent motstandsrørsle, organisert av ungdom i byfgda. Dei yngste var 13 år da krigen starta og aktive motstandsfolk i hemmelege grupper frå dei var 16-17 år gamle. Dei eldste var berre 8-10 årt eldre. Ingen av desse blei tatt, ingen av dei arresterte. Og ingen av dei snakka særleg høgt om kva dei gjorde. Noen få er blitt lokka til å bli intervjua ein sjeldan gong, noen har lagt ned ein krans og sagt noen få ord. Dei var prega av alvoret og ville helst ikkje sjå seg tilbake til dei fæle, usikre og farlege åra.

Dei ville sjå framover, leve i fred og fridom. Det er mange her i bygda som ikkje visste at far, onkel eller bestefar hadde vore med i Milorg før dei las den viktige og gode artikkelen til Knut.

Det er mykje krigsromantikk — i spel, i bøker, i filmar. Men det er ingen krigsromantikk, og heller sparsomt med store og svulstige ord frå dei som var så uheldige å vere med i krigen.

Vi feirar 17. mai med glade rop og glede over fridomen.

Og vi takkar dei som ofra livet sitt for nettopp denne fridomen.

Tale på kjerkehaugen i Austre Moland, 17. mai 2011.
Jan Kløvstad

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**