Innlegg i konstituerande kommunestyremøte i Askvoll måndag 17. oktober

– I dag er første arbeidsdagen til det nye kommunestyret, og engasjement og pågangsmot burde ha vore dei kjenslene alle sat med. Personleg har eg ein flau smak i munnen, og grunnen til det er fleirtalsframlegget til valnemnda når det gjeld komiteane, innleia Bjørn Arne Mjåseth sitt innlegg med.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Bjørn Arne Mjåseth

Resten av innlegget til Bjørn Arne Mjåseth er:

“Venstre gjekk til arbeidet i valnemnda med eit godt valresultat som gav fem representantar i kommunestyret. Saman med Krf sine to representantar utgjer vi ein tredjedel av kommunestyret. Dette burde ha gjeve ein leiar og ein nestleiar etter styrkjeforholdet i kommunestyret.

Arbeidet i valnemnda starta positivt, og ein hadde von om at ein skulle koma fram til eit fellesframlegg. Dessverre gjekk det ikkje lenge før det blei klart at den koalisjonen som sikra avtale om ordførar og varaordførar også ville bruke denne makta i valnemnda. "Viss de ikkje gjer som vi vil, gjer vi som vi vil likevel."

Dette resulterte i, etter nokre utspel, at Sp, Ap og H ville tvinge Venstre til å avgje representant til Kontrollutvalet mot vår vilje og utan noko avtale som sikra ein rettvis kompensasjon. Dette ville ha resultert i krav om høvetalsval frå V når det skulle stemmast over representasjon i kontrollutvalet.

Torsdag vart det innkalla til eit nytt møte i valnemnda der Rådmannen informerte om regelverket vedrørande val til Kontrollutvalet. Føreskriftene gjer det klart at eit fleirtal ikkje kan tvinge eit mindretal til å avgje mandat til kontrollutvalet. Ironisk nok vart denne endringa fremma som ein dokument 8 framlegg frå H og Frp i Stortinget.

Slik stoda var då måtte det enten gjerast ei avtale som sikra semje om å avgje til kontrollutvalet, eller koalisjonen måtte stille med kandidat sjølve. Venstre stilte då krav om 2 komiteleiarar for å avgje mandat til kontrollutvalet,. Då vart eit nytt møte beramma søndag klokka 13. Koalisjonen imøtekom kravet, men påla Venstre og syte for kjønnsbalansen i kvar komite etter at koalisjonen hadde plassert alle sine kandidatar etter ynskje. Dette ville ha ført til ei styring av Venstre sine kandidatar som vi ikkje kunne godta. Venstre vil sjølve bestemme korleis vi brukar våre kandidatar. Vi reknar med at dette gjeld alle partia.

Konsekvensen av dette var, "Viss de ikkje godtek dette så gjer vi reint bord". Noko koalisjonen no har gjort. Vi fekk rett nok tilbod om å setja inn våre representantar slik at vi skulle kompensere for koalisjonen sin skeivfordeling kjønnsmessig i dei ulike komiteane, men igjen, her stiller koalisjonen krav om at andre skal tilpasse seg deira ynskje og behov utan kompensasjon. Særleg påfallande er dette i plan og økonomi der koalisjonen stiller med fire menn. Utfrå mandattal burde V hatt to medlemmer i denne komiten. Vi takka nei med den konsekvens at koalisjonen i sitt framlegg har plassert V sine mandat etter eige hovud og på tvers av V sine ynskje. Faktum er at koalisjonen har brukt 31,6 % av stemmene til Askvol-veljaranel som fyllmasse for at deira eigne kandidatar skal ha dei posisjonane dei vil ha.

Koalisjonen har med si framferd skapt ein ny mal for fordeling av politisk makt, enten alt eller ingenting. Sikkert kjekt så lenge ein er del av eit fleirtal, men ein bør ha i mente at ting kan endre seg.

Toleranse, rettferd, respekt og samarbeid er honnørord som gjerne vert nytta som eit kriterium for å skape eit godt resultat. Venstre føler at dette ikkje er vektlagt av fleirtalet i valnemnda. Samstundes gjer det oss betenkt: dersom vi ikkje klarer dette i eigen kommune, korleis skal vi forvente at andre kommunar eller andre forvaltningsnivå ikkje vil utøve makt på den same måten ovanfor oss?

Med dei utfordringane som kommunen har er ikkje Venstre i tvil om at kommunen ville ha hatt betre sjanse for å lukkast med eit samla kommunestyre. Men slik er ikkje situasjonen i dag, avsluttar Bjørn Arne Mjåseth sitt innlegg til kommunestyret med.”

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**