Arendal skal vere ein trygg by, heile døgnet, heile veke, heile livet — for alle

Arendal skal vere ein trygg by, heile døgnet, heile veke, heile livet — for alle, sa Venstres Jan Kløvstad under den store antivold-aksjonen på Sam Eydes Plass i dag. Mange hadde møtt fram til eit stort arrangement med

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


fleire appellar. Initoativet var tatt av Paulina Jensen.

Jan Kløvstad

Foto: Venstre

Jan Kløvstad, Venstre, var invitert som appellant på bakgrunn av Venstres langvarige engasjement mot vold. Her er appellen hans:

“Vi seier nei til all vold

Vi vil ha ein oppvekst fri for vold, seier Stine Sofies Stiftelse. All vold er eit overgrep. Vi seier nei til blind vold, til uprovosert vold. Ingen skal bli utsett for vold på grunn av hudfarge, religion eller seksuell legning.

Arendal skal vere trygt. For alle. Derfor har vi, etter initiativ frå Amnesty i Arendal, fått gjennom ein kommunal handlingsplan mot vold i nære relasjonar. Vi har oppretta eit eige forebyggingsapparat som heiter Alternativ til vold. Vi vil styrke krisesenteret. Vi arbeider mot mobbing i skolen, gjennom eit prohram som heiter ART — Aggression Replacement Training, ein sinnekontrolltrening — i skolen.

Vi har lest om epsidoar vi ikkje likar,
uprovosert vold på kafé,
uprovosert på gata,
uprovosert heime.

Vi vil ikkje ha det sånn i Arendal.
Arendal skal vere ein trygg by, heile døgnet, heile veke, heile livet — for alle.”

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**