Det skal vere gratis å føde i Arendal

Barn er barn, og inni er dei like. Vi skal også behandle barna likt. Det er direkte uanstendig når Sørlandet sykehus i Kristiansand har forlangt 17 000 kr av fødande asylsøkarar, skriv Jan Kløvstad, bystyremedlem og nestleiar i helse- og omsorgskomiteen i Arendal.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Jan Roger Olsen

Jan Roger Olsen
Foto: Jan Kløvstad

Slikt går ikkje an, i Norge, – i Nansenåret. På vegner av Venstre i Arendal har eg sendt spørsmål til sjukehusdirektør Jan Roger Olsen 10. november og bedt om garanti for at det aldri skal bli tatt betaling frå fødande kvinner i Arendal. Vi må gjere alt vi kan for at eitkvart barn, same kor i verda mor kjem frå, skal få ein trygg fødsel og ein trygg start i livet.

Gunnar Knudsens Venstreregjering innførte dei castbergske barnelovene rundt første verdskrigen. Alle barn skal ha dei same rettane, same om dei er født innanfor eller utanfor ekteskapet. Det same skal gjelde nå, i 2011, i Nansenåret og særleg i den åpne, inkluderande FN-byen Arendal.

Vi ventar spent på svar frå sjukehusdirektør Jan Roger Olsen. Og om det ikkje kjem svar direkte, ber vi ordførar Einar Halvorsen om å gjenta Venstres krav: Alle barn er velkomne i Arendal, og barn av asylsøkarar og papirlause skal også få føde trygt og gratis.

Jan Kløvstad har også bedt stortingsrepresnetant og partileiar ta opp saka i Stortinget.

 Det skal vere trygt og gratis å føde her.

Det skal vere trygt og gratis å føde her.
Foto: Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**