Venstre svarer ja til Wera Ebeltoft

Wera Ebeltoft er opptatt av bustadpolitikken i Arendal og spør i Agderposten og Arendals Tidende om politikarane i Arendal har tenkt på at 40% av dei som bur i Arendal bur aleine.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Jan Kløvstad

Foto: Venstre

Venstres svar er ja. I samtlege byggesaker med meir enn to planlagte hus har Venstre reist spørsmål og forslag om å endre planane slik at det ikkje berre er store familiehus, men også leiligheiter og mindre hus. Det har vi gjort i samtlege møte i planutval og kommuneplanutval i heile bystyreperioden 2007-2011. Etter kvart fekk Venstre også ofte fleirtalet med seg. Når byplanleggar Mike Fuller-Gee legg fram tankar og planar om bynære leiligheiter og hus, har både han og vi klare planar for å få langt fleire leiligheiter for "små familiar".
Ebeltoft skriv at "Politikerne bryr seg ikke". Det gjeld nok ikkje alle politikarar. Venstre har jo nettopp kjempa hardt og kontinuerleg nettopp for det Ebeltoft tar opp. Vi er glade for at Wera Ebeltoft støttar opp om Venstres aktive bustadspolitikk.

Jan Kløvstad
Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**