Fleirtal for Venstre sitt forslag

Under budsjetthandsaminga i kommunestyre i går gjekk eit fleirtal, (17 av 19 etter subsidiær avrøysting) inn for Venstre sitt forslag vedk. saka om symjehall.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Svømmehall

Foto: Wikipedia

Mange var på talarstolen under den siste saka i det siste kommunestyremøte i 2011, og spesielt blei det mykje diskusjon kring saka om symjehall. Eit fleirtal i formannskapet (Ap, H og Krf), gjekk inn for å sette av kr. 51.200.000,- til planlegging og bygging av ny symjehall på Sand. Venstre er ikkje einig i dette og meiner det er naudsynt å få gjort ei skikkeleg utgreiing om det er ei god løysing å rehabilitere bassenget på Rygjatun eller byggje heilt ny symjehall, før ein sett av pengar i langtidsbudjettet. Me meiner vårt forslag langt på veg imøtegår både Arbeidarpartiet sitt ønskje om å byggje nytt på den eine sida og Senterpartiet som er meir “lunken” på den andre sida. No vil me få eit godt grunnlag til å ta den rette avgjerda på noko som kan få stor betydning for kommuneøkonomien i fleire tiår frametter.

Her er forslaget;

1. Det vert sett av kr.200.000,- i 2012 til ei evaluering av eksisterande basseng og med budsjett på kva det vil koste å gjere bygget universelt. Evalueringa skal konkludere med ei anbefaling til kommunestyre om å rehabilitere eller byggje nytt.
2. Det vert sett av kr.500.000,- i 2013 til utarbeiding av prospekt på rehabilitering/ny symjehall kor følgjande punkt skal vere vektlagt:
* økonomi
* driftsformer
* delt eigarskap
* enøk tiltak

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**