Haster med løsningsfokusert tilnærming for papirløse!

Tore Wilken Nitter Walaker har skrevet en kronikk om “papirløses” vanskelige situasjon under dagens lovgivning. Kronikken ble publisert i ulike aviser, bl.a. i Stavanger Aftenblad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Løys opp i situasjonen for "papirlause"

Mange personar skulle ha reist frå Norge etter avslag på asylsøknad. Enkelte av desse kunne likevel jobbe inntil i fjor fordi dei feilaktig fekk skattekort. Enkelte av dei har familie å forsørge, små barn som er fødde og har vakse opp her i landet. Kva skjer med ei lita jente på seks år der faren lenger ikkje klarar å skaffe henne det aller mest nødvendige? Kanskje dei må flytte ut av huset dei har leigd. Kanskje barnet blir rive vekk frå den einaste kvardagen barnet kjenner, sitt norske heimemiljø.

Enkelte "papirlause" tykkjer det er så viktig å få bli i Norge at dei foretrekker eit liv i ofte nedverdigande fattigdom. Vi kan møter mange av desse på gata i Oslo, enkelte søv i portrom og leskur. Alle har ulike historiar å fortelje. Vi bør alle forsøke å forstå kvifor det er slik at enkeltpersonar "biter seg fast" her i landet.

Permanente løysingar er ofte betre enn midlertidige løysingar. Løysingar som famnar om alle, ikkje berre ei spesiell gruppe. For "returnektarar" — dvs. dei som ikkje vil returnere etter eit avslag på asyl, og som norske myndigheiter heller ikkje har klart å returnere innan ein viss periode — så kan vi lage ei permanent løysing som seier at etter eit visst antal år etter endeleg avslag (i Utlendingsnemnda) så får personen ordinært arbeidsløyve.

Ei løysing med ordinært arbeidsløyve vil sikre at personen kan forsørge seg sjølv. Det vil forbetre situasjonen også for vedkommandes familie. Mange har kanskje barn som dei bur med, enkelte av barna er også fødd i Norge. Faren eller mora skulle returnert, ja. For lenge sidan, ja. Enkelte personar klarar uansett å bite seg fast her i landet, fordi det ikkje er mulig for myndigheitene å returnere dei med tvang. Dersom det er ekstremt viktig for denne eine personen å få lov til å fortsette å bli her, mens det er umuleg for myndigheitene å returnere vedkommande, bør ikkje myndigheitene bite saman tennene i år etter år, kanskje 10-20 år og seie til desse personane at dei skal returnere. Ein gong bør det seie stopp. Den klokaste gir seg alltid først.

For å få dette til må utlendingsforskrifta endrast, kanskje utlendingslova også.
Løysinga på "bite-seg-fast"-problematikken kan vere: Personar med avslag på asylsøknaden, og som ikkje sjølv har returnert, og der myndigheitene heller ikkje har klart å returnere dei får automatisk opphaldsløyve her i landet. Fristen kan settast til 3 år etter endeleg avslag (avslag i Utlendingsnemnda). 3 år er meir enn nok tid for myndigheitene til å overtale til retur, eller sørge for retur med tvang.

Ei slik permanent ordning vil kreve at myndigheitene sørgar for rask sakshandsaming og rask uttransport. Dette vil føre til færre, ikkje fleire, asylsøkarar utan behov for beskyttelse.

Personar som får denne nye tillatelse må integrerast på lik linje med flyktningar for å sikre at dei kan starte planlegginga av sitt nye liv i Norge. Det er betre for ein person å kunne bidra til landet vårt, enn å gå i årevis utan å kunne vite korleis framtida skal bli.

Her er linker til saka i Stavanger Aftenblad, står også refert til på forsida av dagens trykte avis:

http://blogg.bt.no/preik/2012/02/14/utlendingslova-bor-endrast/

http://www.aftenbladet.no/meninger/Utlendingslova-bor-endrast-2929161.html

http://www.aftenbladet.no/nyheter/lokalt/–Gi-papirlose-en-sjanse-2929335.html

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**