Ein betre samhandlingsreform

Sogn og Fjordane Venstre er grunnleggjande positiv til samhandlingsreforma fordi den gir mulegheit til å flytte makt og ansvar nærare brukarane og over frå staten til lokaldemokratiet. Samstundes er reforma i sin noverande form er blitt ein stor statleg reform for kommune-Noreg, der utforminga skjer mellom eit fåtal politikarar og byråkratar på regionnivå. Dei folkevalde ute i kommunestyra blir i slike store reformer ikkje anna enn passive tilskodarar og sandpåstrøarar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Venstre ser med særleg uro på framveksten av eit “fjerde forvaltingsnivå” i form av interkommunale selskap, interkommunal prosjektorganisering og regionråd. Framveksten av “elitestyre” på regionalt nivå, der eit fåtal politikarar og byråkratar sit ved bordet når viktige politiske avgjerder i kommune-Noreg blir tatt, er svært tvilsam i eit folkestyreperspektiv.

Venstre meiner ein del av svaret på denne uønskte utviklinga må vere større og sterkare kommunar, slik at folkevald makt blir utøvd der dei viktige avgjerdene blir tatt. Dagens 50 år gamle kommunestruktur må erstattast med ein struktur som gjenspeglar vår tids bu- og arbeidsmarknadsregionar.

Det er også eit problem at reforma er innført utan at kommunane er tilført nok økonomiske midler til at ho kan bidra til eit betre tenestetilbod. Venstre er særs klar over denne problemstillinga, og vil ikkje akseptere at helsetilbodet vert ein salderingspost for svak kommuneøkonomi.


Kontaktperson for Sogn og Fjordane Venstre
Marit Barsnes Krogsæter, tlf. 909 98 121

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**