Større kommunar utan pisk og tvang

Norske kommunar vert stadig pålagde nye og omfattande oppgåver. Fjaler Venstre meiner difor i ein årsmøte-resolusjon det er naudsynt med færre, større og meir robuste kommunar for å kunne rekruttere kompetanse og arbeidskraft og sikre innbyggarane best mogelege tenester. Men skal kommunekartet endrast, må staten bruke gulrot — ikkje pisk og tvang.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Med dagens ordning vil den økonomiske gevinsten ved samanslåing i all hovudsak bli tilbakeført staten — utan at innbyggarane opplever verken betre eller fleire tenester. Ein ny kommunereform krev såleis at kommunane sit att med ein større del av ressursane.

«Nærleik» er eit viktig moment ved omtalen av små kommunar, men dette blir
eit innhaldslaust honnørord når kommunane knapt har økonomisk armslag til å yte eit minimum av lovpålagde oppgåver og tenester. Interkommunalt samarbeid kan eit stykke på veg løyse nokre av problema, men avgjerslene blir då fatta av interkommunale selskap og føretak utan reell folkevald styring. Samkommune-modellen har også store manglar, der resultatet fort kan bli innføring av eit nytt interkommunalt forvaltningsorgan og meir byråkrati.

I staden må staten legge positive økonomiske føringar for å få til større og meir fornuftige kommuneeiningar i regionar der det finst ein naturleg samanhengande bu- og arbeidsmarknad. I tillegg må staten innføre sær-ordningar for kommunar der geografi og manglande infrastruktur gjer samanslåing mindre aktuelt.

Denne fråsegna vart samrøystes vedteke på årsmøtet i Fjaler Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**