Årsmelding for Balestrand Venstre 2011

Årsmelding handsama på årsmøtet 16. januar 2012

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


ÅRSMELDING 2011
BALESTRAND VENSTRE

Styret 2011
Leiar: Råmund Nyhammer
Nestleiar: Britt Grimelid
Skrivar: Kari Bolstad
Kasserar: Jon Asbjørn Målsnes
Varamedlemmer (rangert): Marta Kvikne, Jarle Geithus, Arne Håland, Ragnar Aaland, Ken Heine Bakke
Revisorar: Arild Hellenes og Lars Sjøthun
Medlemstal: 26 betalande ved utgangen av 2011. Dette er ein nedgang på 2 frå i fjor. Medlemmane i Balestrand Venstre er trufaste og pliktoppfyllande når det gjeld kontingenten. Det har i det heile ikkje vore behov for mas eller purring på medlemmane vdr. betaling.

Møte
Medlemsmøte: Det har vore 15 medlemsmøte som er 7 meir enn i 2010. Frammøtet har i tillegg vore betre enn i fjor; snittet ligg på 5,6 personar pr. møte. Dette er ca. 1 person meir enn året før.
Styremøte: Det har vore 1 styremøte (11. april). På dette møte var det sluttarbeidet med valprogrammet som var sak.
Gruppemøte: Her har det vore 4 møte der kommunestyregruppa i framkant av kommunestyremøta har hatt drøftingar.

Kommunevalet
Nominasjonsmøtet vart halde 24. januar og lista innlevert innan fristen.
Valkampen: Som vanleg hadde vi god hjelp av Per Henning Olsen når det gjeld fotos og layout av programmet. BV er svært fornøgde med både utsjånad og innhald.
Britt, Hanna og Råmund var pakkegjeng.
Det var eit svært godt samarbeid mellom partia vdr. valkampen der felles opplegg for utkøyring var ein del. Elles var det paneldebatt på Kviknes Hotel og 2 omgangar med stand i sentrum. I tillegg vart ungdommar i kommunen inviterte til å møte lokalpolitikarane. Hanna Menes og Råmund Nyhammer var BV sine representantar og hadde førebudd seg godt med presentasjonar og til å møte spørsmål frå dei unge. Dessverre møtte det ingen unge veljarar opp til denne samlinga som var lagt til akvariet.
Når det gjeld dei 2 stand’a i Holmen så var det stort frammøte av venstrefolk som hjelpte til.
I det heile la BV ned eit stort og solid arbeid i valkampen.
Valresultatet: Dessverre stod ikkje valresultatet i stil med det omfattande arbeidet vi la ned på førehand. Vi mista 45 stemmer samanlikna med valet i 2007 noko som er ein prosentvis tilbakegang på 6,5. Vi gjekk dermed ned frå 3 til 2 representantar i kommunestyret, Råmund Nyhammer og Kari Bolstad. Det er vanskeleg å finne einskildfaktorar som forklarer resultatet. Vi var på førehand førebudde på ein viss tilbakegang i og med at SV stilte liste igjen, men at tilbakegangen vart så stor var overraskande.
Når det gjeld resultatet av fylkestingsvalet så kom Britt Grimelid inn som 5. vara til fylkestinget for perioden 2011 – 2015.
Forhandlingar/konstituering: Forhandlingsmøte med dei andre partia vart avvikla 13. september. BV kalla inn til medlemsmøte denne kvelden slik at flest mogeleg skulle få høve til å uttale seg og til å påvirke avgjerda om kva parti vi skulle gå i samarbeid med og kven som skulle bli ordførar. Eit fleirtal på 8 av 11 ønskte at Venstre skulle inngå eit valteknisk samarbeid med Ap og Sp og at Harald Offerdal skulle vere ordførar og Arnstein Menes varaordførar. Tilbodet frå Ap og Sp var at Venstre skulle få representasjon i formannskap (med tilhøyrande utval) og i begge hovudutvala og med reine varalister — eit tilbod som var betre enn det Høgre og KrF kunne gje oss. På denne måten har Hanna Menes blitt ein del av Venstre-gruppa med sin plass i Utval for Plan og Utvikling. Dermed er vi representerte med 3 på folkevald arbeidsdag.
Utanom god representasjon i dei viktigaste utvala, har vi fått inn ei rad venstrefolk i andre fora valde av kommunestyret.
I tillegg til det reint valtekniske samarbeidet er Venstre, Ap og Sp samde om å ha ekstra tett kontakt og samkøyring i saker vdr. kommuneøkonomien.

Studiearbeid
Medlemsmøta vert rekna som studiearbeid. Det har ikkje vore arrangert reine studiesirklar.

Avisinnlegg/-oppslag
BV har ikkje hatt lesarinnlegg i avisene i år. Utanom presentasjon av parti og 1. kandidat på vallista, har vi heller ikkje hatt noko oppslag i pressa som vi sjølve har utarbeidd/teke initiativ til. I avisreferata frå politiske møte har vi i 2011 fått OK dekning.

Innmelde saker frå BV til kommunen
1 sak har lokallaget i brevs form (e-post) teke opp med kommunen. Den 11. desember vart det sendt brev til ordførar og rådmann der vi ber om at det i det første formannskapsmøte i 2012 vert teke opp til handsaming om ein skal be administrasjonen utgreie ulike modellar for eit utvida område for eigedomskatt for faste eigedommar i kommunen og med verknader/konsekvensar av dette.
Vedtak om at vi skulle sende dette brevet vart gjort på medlemsmøtet 22. november der "Eigedomsskatt i heile kommunen?" stod som sak på innkallinga si sakliste.

Nominasjons- og årsmøtet i Sogn og Fjordane Venstre for 2010
Britt Grimelid var utsending til nominasjonsmøtet i Sogn og Fjordane Venstre.
På fylkesårsmøtet 5. og 6. februar på Bryggen Hotel på Nordfjordeid møtte Britt Grimelid, Kari Tordis Aarskog og Marta Kvikne.

Annan aktivitet
Britt Grimelid var utsending til Landsmøtet i Trondheim,
Hanna Menes var med som observatør.
Marta Kvikne har hatt plass i Fylkestinget fram til valet i 2011
Kari Bolstad deltok på LPN siste samling i Bergen

Torsnes 15.01.2012
Kari Bolstad
skrivar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**