Ikkje vedtak om regjeringssamarbeid i denne omgang

I forkant av fylkesårsmøtet hadde leiar, Helge Hamre, gjennom innkallinga og media invitert til debatt om regjeringssamarbeid i 2013.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Hamre ynskte med dette initiativet å problematisere rundt valet av samarbeidspart, om Venstre skal sjå etter ein slik utanfor det føretrekte samarbeidet sentrum-Høgre. Hamre hevda at det ikkje nødvendigvis er meir naturleg å vende seg til Arbeidarpartiet enn mot Frp i den samanhengen. Han trekte fram områda miljø- og innvandringspolitikk, og tok fram døme på tekst frå Frp sitt program og eksempel frå regjeringa sin politikk på områda, for å vise at Ap og Frp innanfor desse felta ofte står nærmare kvarandre enn Venstre og nokon av dei to.
Debatten i årsmøtet gjekk langt i å peike på at ein ynskjer eit regjeringsskifte, og at eit stort fleirtal i utgangspunktet ikkje vil stengje døra for nokon når det gjeld samtalar for å få dette til. Eit fleirtal av dei som tok ordet ynskte at dette skulle vere ei borgarleg regjering, med Venstre som støttespelar til, eller deltakar i, ei slik regjering. Eit mindretal på 15 ynskte å vedta ein resolusjon som var veldig tydeleg på dette no, men dette ville årsmøtet vente med til neste år. Fleirtalet ynskte i det komande året å ha fokus på eige programarbeid og nominasjon til valet i 2013, framfor kven vi skal samarbeide med.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**