Fylkesprogram 2023-2027

Frank Stenløs, Lena Landsverk Sande og Pål Farstad, Foto: Baard Salvesen

Møre og Romsdal Venstre går til val på eit grønt og levande Møre og Romsdal.

Under kan du lese vårt fylkesprogram for komande periode. Du kan også laste ned dokumentet som pdf-fil på bokmål eller nynorsk.

Fylkesprogram på nynorsk (pdf)

Fylkesprogram på bokmål (pdf)

Eit grønt og levande Møre og Romsdal

Fylkeskommunen sine viktigaste oppgåver er samferdsel, vidaregåande skule, offentleg tannhelse, idrett og friluftsliv, å forvalte kulturminne og drift av ein del kulturinstitusjonar. I tillegg har fylket tekniske oppgåver knytt til vegar, kraftproduksjon, næringsutvikling, og ikkje minst berekraft. Fylkeskommunen bidreg også med finansiell støtte til ulike frivillige organisasjonar.

Ansvaret for drift av sjukehus og spesialhelsetenesta ligg under staten, delegert til dei regionale helseforetaka gjennom helsereforma i 2002.

Gjennom ei forvaltingsreform, vedteke av Stortinget i 2007, fekk fylkeskommunen tilført fleire nye oppgaver, blant anna innan forvalting av vegar, innan kultur, marine ressursar, drift av fagskular og oppgåver på miljøområdet.

Møre og Romsdal skal vere berekraftfylke nr 1 og fylket har fleire sterke miljø som fremjar berekraft. Regionen må arbeide aktivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå for å få berekraftmåla inn i plan- og styringssystem for kommunal- og regional sektor. For at offentleg og privat sektor skal lukkast med berekraftig utvikling treng vi at regionen bidreg til å samle og tilrettelegge data som fortel om status og potensiale på tvers av sektorane, samt verkemiddel og tilgjengelege ressursar.

Venstre ynskjer at kommunane får stor fridom til sjølve å skape gode lokalsamfunn. Meir lokal fridom framfor statleg detaljstyring og øyremerking. Samtidig treng vi strenge og forpliktande avtalar om sterkare vern av natur og klima. I framtida vil dei gode lokalsamfunna vere grøne. Venstre ynskjer eit samfunn som gir fridom og sjølvstende, uavhengig av alder, kjønn, livssyn, funksjonsnivå, seksualitet og bakgrunn. Makt og innflytelse skal kome nedanfrå. Avgjerder skal fattast nærast råd den det gjeld, med størst mogleg grad av openheit og medverknad.

Venstre er eit utolmodig parti. Vi vil ta samfunnet vidare framover, ikkje bakover. Difor vil vi satse på skule og kunnskap, vi vil løyse klima- og naturkrisa, og vi støttar små og store jobbskaparar over heile landet. Venstre vil ha eit samfunn der alle er frie og har høve til å delta. For å lykkast med det må jobben gjerast lokalt – av lokalpolitikarar som tør og vil. Difor er eit sterkt Venstre i kommunestyre og fylkesting over heile landet så viktig.

I dette dokumentet får du ei oversikt over Møre og Romsdal Venstre sine viktigaste saker og prioriteringar i valet 2023. Dette er kontrakten vår med veljarane, som vi kvar dag skal jobbe for å oppfylle. I tillegg vil Venstre i kvar kommune ha sine lokale saker og prioriteringar – tilpassa sitt lokalsamfunn. Venstre meiner vi må gjere meir for å bygge framtida, løyse klima- og naturkrisa og gje folk fridom i kvardagen. Om du som oss er utolmodig og vil skape fleire moglegheiter til å knytte fylket saman og ta Norge framover: Velkomen til Venstre i fylkes- og lokalvalet 2023!

Eit klimavenleg fylke

Kampen for å kutte klimagassutslepp er like viktig lokalt og regionalt som nasjonalt. Det er summen av små og store grøne handlingar og tiltak som vil gjere Noreg klimanøytralt. For Venstre er det viktig at alle lokalsamfunn bidreg i klimadugnaden ved å kutte utslepp der dei kan. Våre folkevalde stiller derfor til val for å kutte lokale klimagassutslepp. Vi vil gjere det enklare å ta grøne val, slik at lokalsamfunna våre aktivt bidreg til at vi når måla i Paris-avtalen. Her må fylkeskommunen bidra.

Saman med klimaendringar er tap av natur den største trusselen mot livskvaliteten og fridommen til oss menneske. For Venstre har naturen verdi i seg sjølv, men ein intakt natur er òg ein føresetnad for at vi skal kunne leve eit godt liv. Natur er ein føresetnad for matproduksjon, medisinar, reint vatn og rein luft. Ikkje minst er naturen den aller viktigaste forsikringa vår mot øydeleggjande klimaendringar, både ved at han bind opp klimagassar, og ved at han vernar oss mot flaum, hetebølgjer og andre konsekvensar av høgare temperaturar. Å verne naturen er derfor ei av aller viktigaste oppgåvene for Venstre dei neste åra.

2.1 Lokale klimatiltak

Samarbeid mellom næringsliv, kommune, fylkeskommunen og sivilsamfunn er nødvendig for å finne løysingar som får ned dei lokale utsleppa. Det viktigaste fylkeskommunen kan gjere, er å leggje til rette for grøn næringsutvikling og ta i bruk det handlingsrommet fylkeskommunane har til å leie an i klimaarbeidet. Fylkeskommunane står mellom anna for ein stor del av innkjøpa i Noreg, og ved å stille strenge klima- og miljøkrav der kan dei oppnå store utsleppskutt og bidra til at grøne produkt og tenester kjem inn på marknaden.

Venstre vil

  • vidareutvikle og strengt følge klimabudsjett og klimaregnskap for fylkeskommunen, og gjere desse til gjenstand for revisjon.
  • at fylkeskommunen gjennom partnarskap bidrar til at kommunar og verksemder innfører klimabudsjett og klimaregnskap.
  • stille krav om utsleppsfrie bygge- og anleggsplassar der fylkeskommunen sjølv er byggherre.
  • stille strenge klima- og miljøkrav i alle offentlege innkjøp.
  • at klimagevinsten i rehabilitering framfor riving alltid skal vurderast i fylkeskommunale eigedomsprosjekt.
  • etablere karbonfangst- og lagring på alle større punktutslepp, mellom anna på avfalls- og forbrenningsanlegg.
  • etablere energiproduksjon med solcellepanel eller solfangarar på alle fylkeskommunale bygg der dette er økonomisk og berekraftig tenleg.
  • stille krav om arealrekneskap ved fylkeskommunen sine nye prosjekt.
  • leggje til rette for meir vern av naturområde, mellom anna lokale markagrenser, fjellgrenser og statleg sikra naturområde.
  • styrke forvaltninga av små vassdrag som kan verte nytta av mikrokraftverk med ei heilskapleg tilnærming som også gir flaumvern.
  • jobbe for å innføre strengare krav om å avgrense dei negative effektane hytteutbygging har på naturen.
  • at avfallshandtering, toalett og parkering i tilknyting til populære turløyper, turistdestinasjonar og kollektivknutepunkt blir planlagt og tilrettelagt på ein heilskapleg måte.
  • styrkje det frivillige arbeidet for biologisk mangfald, artskartlegging og naturopplæring.
  • bidra til etablering av nasjonalt berekraftsenter i Møre og Romsdal.
  • samarbeide med regionale forskings- og kompetansemiljø som sit på svært viktig kunnskap og kompetanse for å finne dei beste klimatiltaka.
  • satse på kompetansesenter for vindkraft på Smøla og støtte opp om Runde Miljøsenter og NORSØK på Tingvoll.

2.2 Sirkulær økonomi og gjenbruk

Nordmenn ligg i dag i verdstoppen i forbruk per innbyggjar, med tre gonger større forbruk enn den gjennomsnittlege europearen. For å redusere belastinga som følgjer av naturbruk, og avgrense arealbruken til avfall, må vi leggje til rette for å bruke om igjen meir materiale og dele på ressursane.

Venstre vil

  • legge til rette for meir gjenbruk av material og varer i innkjøp og byggeprosjekt.
  • stimulere til fleire dele- og utlånsordninger, t.d. lokale utstyrssentralar og bildeling.
  • stille fylkeskommunale bygg, til dømes vidaregåande skular, til disposisjon for klesbytedagar og liknande arrangement som oppfordrar til gjenbruk.
  • jobbe for å fjerne moms på reperasjonar og andre tiltak, slik at elektronikk og andre varer heller blir reparerte enn å bli kasta.
  • styrke kompetansen om gjenbruk i byggebransjen, t.d. gjennom auka satsing på utdanning innanfor riving og demontering.

2.3 Lokal forureining og renovasjon

Venstre vil at fylkeskommunen skal vere aktiv i arbeidet med å redusere tilførselen av plastavfall til naturen og havet, til dømes ved å kutte bruken av eingongsplast i eigne verksemder og ved å vere pilotar for forsøk med gjenbruksalternativ. Fylkeskommunen bør òg ta ei aktiv rolle i å rydde opp langs elvebreidder, på strender og i fjordane.

Venstre vil

  • ta eit aktivt engasjement i kampen mot marin forsøpling, der vi legg vekt på at forureinar må bidra til førebygging av forureining og med midlar til opprydding.
  • legge til rette for ulike tiltak som bidrar til opprydding av marin forsøpling.
  • nytte lokale ressursar som t.d. Friluftsråda for strandrydding og andre tiltak.
  • arbeide for å sette i gang opprydding av gammalt avfall frå tidlegare drivarar i gruvene på Rausand.

Utdanning for framtida

Utdanning er nøkkelen til ei betre framtid. Kunnskap er difor alltid prioritert i Venstre. Det er gjennom utdanning vi jamnar ut sosiale skilnadar og gir alle like moglegheiter i livet. Venstre satsar på eleven og læraren. Elevar har ulike føresetnader, interesser og behov. Då er det avgjerande at vi skapar ein skule som tek omsyn til at vi alle er ulike, men like verdifulle. Venstre sitt førebilete er ein skule som ser alle elevar, og som evnar å tilby meistring og læringsglede for alle. Venstre vil at alle elevar skal få ut sitt fulle læringspotensiale. Venstre vil satse på læraren. Læraren må ha lærarutdanning, og lønna må være konkurransedyktig.

3.1 Vidaregåande skule

Det er framleis for mange som ikkje fullfører vidaregåande skule, og difor er det viktig for Venstre å jobbe meir med førebyggande arbeid, i åra før dei kjem til vidaregåande. Elevane treng god oppfølging undervegs, og dei treng å oppleve meistring både fagleg og som menneske. Elevane fortener ein skule der alle får sjansen til å dyrke og utvikle eigenskapar og interesser. Samtidig som vi ynskjer fridom til å velje den skulen ein vil, så ynskjer vi også å legge til rette for at elevar som ikkje er klare for vidaregåande får høve til å gå rett i arbeidslivet, og likevel ha rett til fagleg oppfølging i sitt lokalmiljø. Venstre ønsker å fortsette det gode arbeid som allereie skjer på området med blant anna styrking av skulehelsetenesta, jobbe helsefremmande og forebyggande tiltak, både med fysisk og psykisk helse og med sosiale forhold.

Venstre vil

  • prioritere god skulehelseteneste gjennom å ha fleire skulepsykologar og helsesjukepleiarar, slik at alle elevar har eit lett tilgjengeleg tilbod i skuletida.
  • sikre rett til vidaregåande opplæring, også når ein vel å starte seinare i livet.
  • betre kommunikasjon og informasjon om kva moglegheiter som finst.
  • jobbe for godt samarbeid mellom næringsliv og skular, slik at det blir lettare å få læreplassar og god inngang til arbeidslivet.
  • ha incentiv som får fleire til å fullføre praktisk eller teoretisk utdanning, for å få fagbrev eller mastergrad innanfor sitt fagfelt.
  • behalde fritt skuleval, med reisegarantiordning som hindrar urimeleg lang skuleveg.
  • prøve ut alternativ til tradisjonell eksamen som sluttvurdering.
  • tilby utdanning innan innovasjon, entreprenørskap og intraprenørskap.
  • etablere kombiklasser for mindre handverksfag, der det er for få søkjarar til å etablere heile klasser.
  • utvide tilbodet innan tekniske og allmenne fag (TAF) og yrkes- og studiekompetanse (YSK).
  • styrke produksjonsskulane, både i høve fasilitetar og gjennom næringslivssamarbeid.
  • utvide tilbodet til vaksne som ynskjer å fullføre vidaregåande opplæring, med fagbrev eller studiekompetanse.
  • sikre mentorordningar for yrkesfagelevar som slit med å kvalifisere seg til læreplass.
  • opne for å dele ut delkompetansebevis for elevar som manglar få fag for å ha fullt vitnemål.
  • legge til rette for auka samarbeid mellom næringslivet og NAV, for å få gitt kompetansebevis til ungdomar som fell utanfor skulen og arbeidsmarknaden.
  • legge til rette for å gi karriereveiledning til elever med nedsatt funksjonsevne med mål om eit meiningsfylt arbeid etter endt skulegang.
  • at unge hybelbuarar skal få tettare oppfølging på fritid, for å sikre at ein ikkje vert einsam, t.d. gjennom trivselsagentar.
  • ha auka økonomisk kompensasjon til elevar som må bu på hybel.
  • ha desentralisert tilbod til elevar som ikkje kan/bør flytte for seg sjølv.
  • ha kompetanseheving i skulen om Forsvaret og Norge si deltaking i internasjonale operasjonar.
  • legge til rette for at elevar med nynorsk som hovudmål i grunnskulen kan halde fram med nynorsk i vidaregåande opplæring.
  • jobbe for at fylkeskommunen har minst ein lærling i alle yrke dei har tilsette i.
  • styrke kunst- og handverksfaga av hensyn til kultur- og miljøvern.
  • sørge for funksjonelle skulebygg i heile fylket.

3.2 Høgare utdanning og forsking

Fagskulane og høgskule- og universitetsmiljøa i Møre og Romsdal er svært viktige for å utvikle framtidas kompetanse. Utdannings- og forskingsmiljøa må difor vere attraktive, slik at dei dreg til seg både lokale ungdomar og lærevillige frå heile landet, og frå utlandet. Utdanningane må endre seg i samspel med arbeidslivet og samfunnet sine behov, så vi må vere kreative, løysingsorienterte og endringsvillige for å følgje krava og utviklinga i samfunnet og næringslivet i fylket. Med stigande kompetansekrav i arbeidslivet er det viktig at tilboda innan høgare utdanning i Møre og Romsdal kan gi utdanning også på høgaste nivå. Venstre vil jobbe for å legge til rette for utdanning i regi av eller i tett dialog med lokalt arbeidsliv, med mål om å sikre kompetansebehov i regionen.

Venstre vil

  • auke tilgangen til fleksible og desentraliserte utdanningstilbod for å fylle måla om livslang læring, samt behova for etter- og vidareutdanning i regionane.
  • gjere det enklare å fullføre eit studium i kombinasjon med jobb.
  • forenkle prosessane for å få godkjent utanlandske utdanningar, slik at personar med relevant kompetanse frå utlandet kan nytte ressursane sine.
  • styrke satsinga på yrkesfagleg høgare utdanning i samarbeid med det lokale arbeidslivet, og såleis få fleire fagskuletilbod med høve for fleksibel opplæring tilpassa lokale og regionale behov.
  • lage opptrappingsplanar for fagskulane i fylket, og styrke dei faglege miljøa mellom universitet, høgskular og fagskular.
  • at studentar skal ha lett tilgjengeleg psykisk helsetilbod.
  • utvide dei helsefaglege studietilboda i heile fylket.
  • ha eit fagskuletilbod for reiselivsbaserte emne.
  • få utdanning i samfunnssikkerheit og beredskap til Møre og Romsdal.
  • bidra til at vertskommunar for høgare utdanningsinstitusjonar tek eit ekstra ansvar for å skape gode studiemiljø.
  • at fylkeskommunen aktivt bruker og kjøper tenester frå regionale forskings- og kompetansemiljø.
  • vidareutvikle Møre og Romsdal som studentfylke.

Samferdsel som fører oss saman

Verdiskaping, mobilitet og nullutslepp er viktige stikkord for Møre og Romsdal Venstre. Vår region er en av de aller fremste verdiskapingsregionane i landet. Vi er avhengig av god mobilitet for befolkninga og næringslivet i hele fylket. Det er også viktig med gode forbindelsar til resten av landet og til/frå kontinentet. Venstre vil derfor arbeide for samferdselstiltak som dekker samfunnet og næringslivet sine transportbehov på ein effektiv, trafikksikker og miljøvennleg måte. Folk skal kunne arbeide og bo der de ønsker.

4.1 Kollektivtransport

Kollektivtrafikk skal være attraktiv, og bør bidra til at energiforbruk og klimabelastning knytt til transport blir redusert. Det må løne seg å reise kollektivt for både unge, eldre og familiar. Venstre har som mål å legge til rette for gåande og syklande, noko som krev betre tilrettelegging, særleg i byar og tettstader.

Venstre vil

  • legge til rette for at fleire skal gjennomføre kvardagsreisene sine med gange, sykkel, kollektiv- og bildelingsordningar. Då må vi gjere dei grøne transportløysingane meir attraktive, og bygge ut fleire sykkelvegar.
  • prøve ut fleire prosjekt med gratis buss og jobbe for billigare takstsoner/periodebillett i heile fylket og over fylkesgrenser, slik at det løner seg å velje kollektivtransport.
  • at periodebillettar må kunne nyttast på tvers av ulike selskap.
  • at det vert enklare å nytte seg av tilbod også om ein bur langt frå dei mest hektiske samferdsleårane, mellom anna vidare satsing på lokale ordningar som bestillingstransport (Fram Flexx) og drosjekort (TT-kort).
  • at fylket skal vere pådrivar for innovasjon og utvikling av betre løysingar for kollektivtransport, for å sikre meir saumlause og smartare kollektivløysingar.
  • tilrettelegging for innfartsparkering, slik at fleire vel kollektivt frå felles knutepunkt.
  • ha vidare satsing på å halde Sundbåten gratis, for å få fleire til å sette att bilen heime.
  • satse på gratis hurtigbåt Langevåg-Ålesund for å redusere biltrafikken til Ålesund sentrum.
  • etablere fleire ladestasjonar for elbil, inkludert hurtigladarar og ladestasjonar for drosje, særleg knytt til kollektivknutepunkt.
  • vidareutvikle strategien for grøn utvikling av drosjepolitikken.
  • arbeide for god frekvens på ferjeavgangar, slik at både næringsliv og pendlarar er tent med tilbodet.
  • at forskotsbetaling på ferjestrekningar halverast.

4.2 Infrastruktur

God infrastruktur er viktig for bulyst, for næringslivet og for miljøet. Venstre vil arbeide for at fylket, med sine naturgjevne utfordringar og moglegheiter, får ein større del av nasjonale midlar til samferdsel.

Utsleppsfrie løysingar på sjø og hav utgjer eit uutnytta potensiale for frakt av folk og gods for å redusere vegslitasjen.

Venstre ynskjer å bygge saman bu- og arbeidsmarknadsregionar. Tettare band i regionen aukar bulyst og betrar næringslivet sin effektivitet. Bru gir døgnopne samband, og gir også moglegheiter for vekst i lokale bedrifter gjennom prosjektering og bygging. Der vi ikkje byggjer bru må vi elektrifisere.

Venstre vil

  • arbeide for realisering av prosjekt som til dømes Todalsfjordprosjektet, Rovdefjordsambandet, Sande Fastlandssamband, Voldsfjordkryssinga, Dalsfjordkryssinga, Langfjordforbindelsen, sambanda på Nordre Nordmøre, Storfjordsambandet og jobbe for Kystvegen Bergen – Ålesund.
  • sikre statleg finansiering av viktige samferdselsprosjekt i Møre og Romsdal, og fylgje opp med prioritering i Nasjonal Transportplan. E 136 Ålesund-Dombås er framleis førsteprioritet i fylket.
  • ferdigstille Fv 60 Grodås-Hellesylt.
  • jobbe for å få Nordøyvegen til Nasjonal turistveg nr 19.
  • prioritere rassikring, gul midtstripe, sikkerheitstiltak på vegane og auka vegstandard, som er ei naudsynt oppfølging av fylket sin nullvisjon for døde i trafikken.
  • jobbe for fleire godkjente døgnkvileplassar for yrkessjåførar i regionen.
  • sikre godt lys, DAB- og mobildekning langs skulevegar og i tunnelar.
  • støtte opp om planane for ferjesambandet Aure – Hitra.
  • arbeide for betre ferjeavløysingsordningar for fjordkryssingar.
  • etablere hurtigbåtrute frå Bergen til Ålesund når Stad Skipstunnel gjer det mogleg.
  • krevje nullutsleppsløysingar på hurtigbåtane.
  • stimulere til å velje hurtigbåt for å sikre at meir av persontransport skjer til sjøs.
  • legge til rette for grøne drivstoffløysingar på mindre fartøy, som fritidsbåtar og mindre arbeidsbåtar, og etablere ladepunkt fleire stadar langs kysten.
  • arbeide for at det sikrast gode tilbod både for passasjerar og gods på Raumabanen.
  • arbeide for betre flysamband til og frå Ørsta/Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund.
  • jobbe for tog Ålesund-Oslo.

Verdien av kultur og god folkehelse

Møre og Romsdal har ein fantastisk natur med eit unikt samspel av fjell og fjordar som vi ønskjer å ta vare på og bruke, men på ein berekraftig måte.

Kultur, natur og idrett er arenaer som skapar samhøyrigheit og byggjer identitet blant innbyggarane. Å oppleve samhøyrigheit ved å byggje på felles sosial og kulturell kapital har utan tvil ein helsefremmande effekt for både individet og samfunnet.

Det er viktig å setje pris på og anerkjenne verdien av frivillig arbeid. Stad, utstyr og økonomi bør ikkje vere til hinder for at frivillig arbeid kan gjerast. Frivilligheita skapar gode opplevingar og har ein folkehelsegevinst, både for dei som deltek og for dei frivillige, gjennom meistring og nettverksbygging.

5.1 Kultur i lokalsamfunnet

Der kultur skapast og møtast, formast det verdifulle sosiale møteplassar. Venstre ønskjer ein kulturpolitikk der det å skape og det å oppleve står i sentrum. Venstre vil at våre innbyggarar skal ha rike moglegheiter til å delta i allsidige kunst- og kulturaktivitetar, samstundes som det å vere publikum med moglegheit til å oppleve profesjonell kunst og kultur skal vektleggjast. Amatørkulturen og profesjonell kultur er like viktige i arbeidet med å utvikle Møre og Romsdal.

Kulturhus, bibliotek, frivilligsentralar, idrettsarenaer, fritidsklubbar og museum er døme på gode møteplassar der frivillig innsats, kulturformidling og kunnskap ofte samlast. Det finst mykje kultur-, forskings- og formidlingskompetanse blant tilsette på desse stadane. Vi bør nyttiggjere oss desse ressursane gjennom utstrekt samarbeid som famnar om mange. Restaurant- og utelivsbransjen er ein viktig kulturaktør som med konsertscener, kunstutstillingar og matkultur bidreg til å skape kulturelle og sosiale møteplassar i bygd og by.

Venstre vil

  • vidareutvikle Den kulturelle skulesekken (DKS) som gir barn og unge kunstmøte og kulturopplevingar i skulekvardagen.
  • vidareutvikle Den kulturelle spaserstokken (DKSS) som støttar kommunen sin kunst- og kulturformidling tilpassa eldre.
  • vidareutvikle prosjektet UNG kunst og kultur som bidreg til eit breitt og mangfaldig kulturtilbod til barn og unge i heile Møre og Romsdal.
  • at fylkesbiblioteket bruker si koordinerande rolle til å utvikle folke- og skulebiblioteka som viktige arenaar for formidling, læring og opplevingar av høg kvalitet, både i skulesamanheng og i fritid. Samt sørgje for at biblioteka har oppdatert og relevant litteratur, og bidreg til at biblioteka har meirope og er tilgjengelege for frivilligheita.
  • at fylkesbiblioteket skal sjå til at alle kommunar nemner biblioteka i sitt planverk.
  • at alle arenaar for kultur skal vere universelt utforma og vere tilgjengelege for alle uavhengig av sosioøkonomisk status.
  • støtte opp om vidare arbeid for å sikre nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter ved Ishavsmuseet Aarvak i Brandal.
  • støtte opp om arbeidet med å etablere nasjonalt dokumentasjonssenter for jazz “Jazzmuseum” i Molde.
  • halde på nynorsk som administrasjonsspråk i Møre og Romsdal fylkeskommune.
  • støtte opp om eit mangfald av tilgjengelege arenaar og utstyr for organisert og eigenorganisert kunst-, musikk- og kulturliv.
  • at Møre og Romsdal fylkeskommune skal samarbeide med kommunale kulturskular om regionale utviklingstilbod som kjem mange til gode.
  • styrkje samarbeidet med kommunane i kulturvern- og kulturminnesaker, styrkje potten til nasjonale kulturminne og sikre eit representativt utval av verneverdige bygg og kulturmiljø i Møre og Romsdal

5.2 Folkehelse i lokalsamfunnet

Friluftsliv, fysisk aktivitet, kultur- og naturopplevingar som inkluderer alle grupper i befolkninga er viktig for å oppnå trivsel, livskvalitet og god fysisk og mental helse.

Lik tilgang til offentlege kulturtilbod, idrett og naturen er med på å førebyggje utanforskap, gir auka livskvalitet og har helsebringande effekt, både fysisk og mentalt.

At kvart menneske opplever ein kvardag med meining sjåast som det viktigaste for folkehelsa. Kva som gjer at menneske opplever å ha ein kvardag med meining er veldig individuelt, og endrar seg gjerne gjennom livet. Vi ønskjer difor eit mangfaldig tilbod som er økonomisk og praktisk tilgjengeleg for alle. Forsking viser at aktivitetstilbod på tvers av aldersgrupper gir god folkehelsegevinst. Utlån og gjenbruk av utstyr er berekraftig for miljøet og bidreg til at fleire kan finne ein aktivitet dei likar.

Venstre vil

  • vektlegge psykisk helse i folkehelsearbeidet.
  • vidareutvikle Stikk UT! som ein viktig aktivitet for friluftsliv og folkehelse i Møre og Romsdal. Dette ved å samarbeide med fylkets to friluftsråd, kommunane, organisasjonar og dei mange frivillige.
  • arbeide for at det finst eit mangfald av anlegg og tilretteleggingar for idrett, trim og friluftsliv tett på der folk bur. Helseløyper, dagsturhytter og tilrettelagte turstiar er døme på dette. Spelemidlar og andre offentlege tilskot er viktig for å oppnå dette.
  • arbeide for at Friluftslivets år 2025 blir markert rundt om i heile Møre og Romsdal.
  • leggje til rette for at utstyrssentralar er tilgjengelege for alle, og at desse har tilstrekkeleg med utstyr og eit breitt utval i god kvalitet i alle storleikar, og som er tilpassa for ulike funksjonsvariasjonar.
  • at tilbod innan idrett og friluftsliv skal vere universelt uforma og vere tilgjengeleg for alle, uavhengig av sosioøkonomisk status. Fritidskort, kontantkassa og andre tiltak er her viktig for å unngå sosialt utanforskap.
  • at fylkeskommunen aktivt ser til at kommunane følgjer folkehelselova i sitt arbeid, og motiverer alle kommunar til å etablere frisklivssentralar. Samt sjå til at folkehelsekoordinatorar jobbar målretta mot ein stadig større gruppe seniorar, slik dei held seg aktive, får møte andre, og med dette fremme mobilitet og sjølvstendigheit så lenge som mogleg.
  • at fylkeskommunen aktivt ser til at kommunane følgjer folkehelselova i sitt arbeid, og motiverer alle kommunar til å etablere frisklivssentralar. Samt sjå til at folkehelsekoordinatorar jobbar målretta mot ein stadig større gruppe seniorar, slik dei held seg aktive, får møte andre, og med dette fremme mobilitet og sjølvstendigheit så lenge som mogleg.

5.3 Tannhelse

Dårleg tannhelse gir nedsett livskvalitet og kan negativt påverke den einskilde sin deltaking i samfunnslivet. Venstre meiner at tannlegetenester skal finansierast som andre helsetilbod.

Venstre vil

  • prioritere førebyggjande tannhelsearbeid.
  • at tannhelsetenesta skal ha høg kompetanse, tilstrekkeleg med ressursar og moderne utstyr.
  • at Molde kompetanseklinikk får nye eigna og store nok lokale. Lokala må vere plasserte nær kollektivknutepunkt.
  • teste nye modellar for auka tilgjengelegheit, til dømes at tannpleiar reiser ut til skular og institusjonar.
  • forenkle samarbeidet mellom privat og offentleg tannhelsesektor.
  • arbeide for at eldre med rett til gratis tannlegetenester slepp å byte frå sin private tannlege til ein offentleg tannlege.
  • at tannhelsetenesta skal vere lett tilgjengeleg for innbyggarar.
  • ha tannhelsetilbod for barn og unge der folk bur.
  • på sikt ha eigenandel på tannlegetenester i tråd med annan medisinsk behandling.

Eit framtidsretta arbeids- og næringsliv

6.1 Fleire lokale arbeidsplassar

Framtidas næringsliv er grønt, nyskapande og kreativt. Då treng vi fylkeskommunar og kommunar som yter god service og legg opp til gode, stabile og langsiktige rammevilkår for næringsverksemd. Næringspolitikken skal vere moderne og næringsnøytral, og leggje til rette for eit seriøst og lønsamt næringsliv.

Venstre vil

  • at Møre og Romsdal fylke byr på gode vilkår for å drive næring.
  • påverke tettstadsutviklinga ved å stimulere lokale næringshagar.
  • at fylket gir støtte til breibandutbygging i spreitt befolka område av fylket.
  • at fylkeskommunen skal finansiere lokale initiativ for å skape og å opprette lokale kontorfellesskap også utanfor byane.
  • styrkje Ungt Entreprenørskap i skulen.

6.2 Hav og bruk av havet

Møre og Romsdal er avhengig av havet, både som transportveg, til fiskeri og havbruk, og til industri som produserer varer og tenester som blir brukt i maritim sektor. Berekraftig forvaltning og bruk må difor stå sentralt for å sikre dei fornybare ressursane i havet til beste for fylket.

Mellom dei som ønskjer å utnytte delar av havet, anten over eller under havflata, oppstår det i mange tilfelle interessemotseiingar. All bruk og vern av havet må baserast på forsking og eit breitt kunnskapsgrunnlag. Der det er konflikt mellom fisk, olje- og gassverksemd, taretråling, havvind og mineraluttak kjem omsyn til fisk og andre marine organismar fyrst.

Venstre vil

  • at fiskeri og havbruk må sikrast føreseielege og konkurransedyktige rammevilkår i forhold til skattelegging og arealtilgang.
  • ha areal-/produksjonsavgift i staden for grunnrenteskatt.
  • ha ein strategi for å sikre at fiskeflåten i fylket kjem styrka ut av kampen om kvoterettar og konsesjonar.
  • ha meir forsking på konsekvensane av utbygging av havvind og mineralutnytting på havbotn.
  • at støtteordningar for innsamling av plast i havet må vidareførast og utvidast.
  • at taretråling blir strengare regulert slik at livet i tareskogen blir ivaretatt.

6.3 Aktivitets- og opplevingsbasert reiseliv

Takka vere ein fantastisk natur og eit reiseliv som har hatt ei stor framtidstru heilt sidan reiseliv blei ei næring, er vi av dei destinasjonane i landet som skårar høgast på lista til dei besøkjande. Denne posisjonen må styrkast basert på samspel med naturen og kulturen i fylket.

Møre og Romsdal har sett seg – og skal sette seg – ambisiøse mål som eit leiande reiselivsfylke. Dette kjem ikkje av seg sjølv, og Venstre vil peike på at samarbeidet mellom fylkeskommunen og reiselivsnæringa/ destinasjonselskapa må styrkast ytterlegare.

Venstre vil

  • ha ein felles reiselivsplan for heile fylket, med ein tydeleg tiltaksplan for å nå desse måla.
  • arbeide for å styrkje 3-partsamarbeidet mellom fylke, destinasjonsselskap og næring, men også bidra til å involvere aktuelle kommunar som ønskjer satsing i eigen kommune.
  • arbeide for å utvide samferdselsproduktet «travel like the locals» der ein legg til rette for å nytte offentleg kommunikasjon og infrastruktur.
  • arbeide for fortsatt støtte reiselivet gjennom støtte til markedsføring og produktutvikling.

6.4 Tilgang på arbeidskraft

Norske arbeidsplassar, både private og offentlege, er avhengige av å ha tilgang på kvalifisert arbeidskraft. I mange lokalsamfunn er det difor naudsynt med bruk av arbeidsinnvandring og tilgang på utanlandsk arbeidskraft. Dei som kjem skal vere sikra eit godt og ryddig arbeidsforhold.

Tilgang på arbeidskraft er óg eit spørsmål om å gje eit tilbod til dei som ikkje fullfører ei utdanning, men har fråfall anten på vidaregåande eller under høgare utdanning.

Venstre vil

  • tillate og forenkle bruk av vikarar og arbeidsinnvandring.
  • dreie fokus over på arbeidsnærvær framfor sjukefråvær.
  • at fylkeskommunen og kommunane tar sitt ansvar for at fleire skal kome inn i arbeidslivet ved å ta inn lærlingar og byr på praksisplassar.
  • byr på deltidsordningar for folk med redusert arbeidsevne eller som har ramla ut av skule og utdanning.
  • styrkje samarbeidet med arbeidslivet og utdanningssektoren for å redusere utanforskapet og kompetansegapet.
  • prøve ut ordningar som 16-år-og-rett-i-arbeid for å gje eit tilbod til dei som droppar ut av vidaregåande, eller ikkje startar. Tilsvarande ordningar må óg vurderast for dei som gir opp å fullføre ei høgare utdanning.
  • prøve ut ordningar med interkommunale arbeids-«poolar».

6.5 Fylkeskommunale anskaffingar

Fylkeskommunen og den einskilde kommunen kjøper mange varer og tenester. Denne innkjøpsmakta bør aktivt brukast til å utvikle og lede lokalt næringsliv i ein berekraftig og grøn retning. Møre og Romsdal fylkeskommune skal sørgje for at alle varer og tenester som blir kjøpt har universell utforming.

I tillegg til å gå gjennom si eiga praktisering av anskaffingsreglementet, bør fylkeskommunen óg vere ein kompetansepartnar for kommunane i å utnytte moglegheitene som ligg innan dagens reglar for innkjøp.

Fylket og kommunane kan óg søkje å kjøpe nye løysningar som blir utvikla i samarbeid med lokale leverandørar, framfor rigide kontraktar basert på detaljerte kravspesifikasjonar.

Venstre vil

  • fremme innovative og grøne anskaffingar.
  • auke bruken av gründervennlege anbodskontraktar.
  • fremme breiare konkurranse ved å gje mindre detaljerte kravspesifikasjonar, men heller sette søkelys på funksjon som skal utførast.
  • vurdere å dele opp anbod i mindre kontraktar for at lokalt næringsliv kan delta i anbodskonkurransane.
  • eksperimentere med nye former for samarbeid mellom det offentlege og private, med mål om å stimulere utvikling av lokale bedrifter.
  • at alle læremiddel som blir kjøpt inn skal vere tilgjengelege på både nynorsk og bokmål.

6.6 Statlege arbeidsplassar

Samanlikna med andre fylke ligg Møre og Romsdal svært lavt i antal statlege arbeidsplassar. Desse er ofte kompetansearbeidsplassar, og er viktige for å tilby eit breitt spekter av jobbar i regionen. Døme på slike kontor er Lånekassen sitt regionkontor i Ørsta og politiets lønssenter i Kristiansund.

Statlege arbeidsplassar bør óg bidra til auka inntening for bedriftene i fylket, og her kunne Eksportfinanssenteret (eksportkreditt og GIEK), som var planlagt oppretta i Ålesund, gjort ein betydeleg innsats for regionen.

Eit kompetansesenter for beredskap bør opprettast i fylket. Møre og Romsdal er eit fylke som strekkjer seg langt ut i havet og høgt til fjells, mange typar ulykker må risikovurderast og planar for handtering utviklast. Til dømes Åkerneset som blir overvaka og Viking Sky som nesten dreiv på land i full storm. Denne kompetansen bør samlast i eitt senter som kan lære og vidareutvikle planar for førebygging og handtering.

Venstre vil

  • oppretthalde og auke antalet statlege arbeidsplassar i fylket
  • vidareutvikle eksportsatsinga for fylkets næringsliv
  • jobbe for bygging av nytt fengsel på Sunnmøre (Digerneset)
  • eksportfinanssenteret blir oppretta i Ålesund som tidlegare planlagt
  • opprette kompetansesenter for beredskap i Møre og Romsdal