Venstre stilte spørsmål om klimaplan og demokrati

Og fekk svar frå ordføraren. Les meir om det her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Knut Olav Nestås og Voss Venstre spurde om ordføraren var nøgd med status og framdrift for tiltak i klima- og energiplanen vedtatt for eit par år sidan. Ordføraren viste til ein del mindre tiltak som var gjennomførde, men var elles ganske vag om kva som kunne forventast framover, og om det var realistisk med ei god måloppnåing innan planens utløp i 2013. Nestås oppmoda om ei tverrpolitisk satsing på klima- og energiplanen inn mot slutten av planens periode.

tg

Foto: ar

Torstein Gunnarson meinte at reglementet for "førespurnader" burde endrast slik at "interpellasjon" og "spørsmål" burde skiljast, for slik å kunna få meir debatt i tilknyting til interpellasjonar. Dermed kan kommunestyre og utval i større grad verta "politiske verkstader". Ordføraren derimot meinte noverande reglement var godt nok, og at det var opp til representantane å nytte mulighetene reglementet gav. Torstein G. oppfordra dermed alle til gjera dette.

demokrati

Foto: d

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**