Viktig trafikksikringstiltak på plass

Fortau i Bordalsvegen opp frå sentrum til Haugo er eit av dei høgaste prioriterte trafikksikringstiltaka på Voss. Kommunestyret har no gått inn for å få fart i saka med sitt vedtak i førre møte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Nytt fortau er også ein føresetnad for at eit planlagd byggjefelt i Brynamarka kan bli realisert. No har utbyggjar, kommune og fylke inngått ein spleiseavtale for å få prosjektet realisert.
Det vart likevel lang debatt i kommunestyremøtet i februar. Det skuldast at det ikkje var inngått avtale om grunnavståing til ein tilkomstveg. I saka var det derfor antyda at oreigning kunne bli aktuelt — noko mange er skeptiske til.

Gunnarson

Foto: Ukjent

Venstre røysta for avtalen, og såg på den som eit godt eksempel på samarbeid mellom det offentlege og private. Torstein Gunnarson understreka at kommunen i framtida må gå tyngre inn for å få bustadbygging på dei område som er mest tenleg for utvikling av bygdesenteret, og ikkje i så stor grad som no vera avhengig av einskilde grunneigarar.

I slutten av mars vil kommunestyret ta stilling til ein heilskapleg trafikksikringsplan.

Trafikk, rødt lys

Foto: Microsoft

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**