Venstre vil ha tilrettelegging for næringsutvikling

Utviklinga på Istadmyrane har i lang tid stått meir eller mindre stille. Aktørane i næringsparken på Istadmyrane og medlemene i utval for nærings- og tiltaksarbeid er skjønt einige om ein ting: no lyt me få fortgang vidare!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Nestås

Foto: Foto: Daniel Melve Kvarme/Avisa Hordaland

Kommunestyret behandla i haust også ei sak om næringsparken der reguleringsplan vart vedteken og framtidig sal av tomteland vart drøfta kort. Venstre kom med eit tilleggsframlegg som omhandla at tomter som vert klartgjorte undervegs, kan frigjerast til interessentar før øvrig areal er ferdigstilt. – Nokon meinte at dette var ein unødvendig eventualitet, men det var ikkje Venstre sitt syn, seier medlem for Venstre i utval for nærings- og tiltaksarbeid, Knut Olav Nestås.

– Venstre ynskjer ein politisk styrt prosess der ein kvar gründer og andre næringsaktørar får det dei har krav på i form av tomteland. Me har vel sett at kommunens historikk på Istadmyrane har vore så som så i høve til tilrettelegging og måloppnåing. Då lyt me sikra næringsaktørane tryggleik gjennom tydelege vedtak. Venstre meiner framlegget om å frigje tomteland undervegs er opplagt og difor bør vera ein naturleg del av vedtaket. Betre føre var enn etter snar, påpeiker Nestås.

Det at saka har tatt så lang tid, gjer at Nestås og Venstre også er opne for nye tankar for å få fortgang. – Kanskje me burde få ein privat investor på bana? Auka etterspurnad av privat kapital og nyttiggjering av private initiativ, burde vera ein god ting når me ser kommunens historikk på Istadmyrane, seier Nestås avslutningsvis.

Penger, økonomi

Foto: Microsoft

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**