Ryfylke Unge Venstre er stifta

Fredag 20. april vart Ryfylke Unge Venstre skipa på stiftelsesmøte på Sauda Vgs. Her vart Eirin Tollaksen Oldeide (16) frå Sand vald til leiar. Med seg på laget får ho nestleiar Eirik Tangeraas Lygre (16) frå Sauda

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Unge Venstre

Foto: uv

Nyvald leiar i Ryfylke Unge Venstre, Eirin Tollaksen Oldeide er veldig engasjert, og synes det er kjekt at ho har fått moglegheit til å bli leiar i det nye lokallaget.

-Det er veldig spanande å få helde på med det som engasjerer meg, og samtidig arbeide for at det skal få auka fokus her eg bur, seier ho.

Eirin peikar ut skule og kollektivtilbod som sine hjartesakar, og særleg på det ho føler er nedprioritering av unge i Suldal.

-fritidstilboda for unge er dårleg på Sand, og det er vanskeleg å reise i Ryfylke når ein ikkje har bil. Oss unge må bli prioritert høgare. Det skal ikkje så mykje til før kollektivtilbodet blir betre, meiner ho.

Eirin går andre året på studiespesialiserande på Sauda vgs saman med nestleiar Eirik Tangeraas Lygra. Han er samd med Eirin og ser fram til jobben med å bygge opp lokallaget og jobbe med politikk.

-Det blir spanande å sjå om politikarene vil høyre på oss. Vi er ikkje noko stort lag no, men eg trur dei fleste unge er samde med oss om at politikarane må prioritere dei unge høgare, avsluttar han.

Her er styret:
Leiar: Eirin Tollaksen Oldeide
Nestleiar: Eirik Tangeraas Lygre
Styremedlem: Juul Bellemakers
Styremedlem: Ellisiv Lund Johansen Nordmark
Vara: Hans Vegard Natland
Vara: Ragnhild Hiim

Kontaktinformasjon:
Eirin Tollaksen Oldeide: 950 37 579
Eirik Tangeraas Lygre: 922 05 054

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**