Også golf er idrett, konkluderte dei raudgrøne

Eigedomsskatten har vore omdiskutert dei seinare åra. Det har derimot vore tverrpolitisk semje om fritak for idretten på grunn av at den gagnar kommunen, som det heiter seg i eigedomsskattelova. No vert golfen sidestilt med anna idrett og slepp dermed eigedomsskatt. – Ei prinisipielt sett viktig sak, meiner Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Venstre og Høgre har gjennom heile prosessen meint at golfbana bør sjåast på lik line med anlegg eigd av andre idrettslag når det vedkjem eigedomsskatt. Noko m. a gruppeleiar for Voss Venstre, Torstein Gunnarson, har argumentert grundig for. No har dette synet fått gjennomslag.

Norges Lover Lov Justis

Foto: Stein Inge Dahn

Både formannskapet og kommunestyret har samrøystes bestemt at Voss Golfbaner AS skal få fritak jf. Eigedomsskattelova §7a. Dette skjer etter at kommunestyret tidlegare utsette saka fordi dei raudgrøne var usikre på om golf var idrett på lik line med anna idrett, og kva aktørane ved golfbana hadde av intensjonar for anlegget. Dei raudgrøne frykta at ein kunne subsidiera aktørar som var kommersielle og som søkte profitt utan å nytta kapitalen vidare til ideelle føremål. Men no var det eit samla kommunestyre som sto bak eit vedtak der ein sidestiller ein idrett med andre formar for idrett.

Steinar spiller golf

Foto: Bård Holtbakk

– Dette er ei prinsipielt sett viktig sak, fordi det handlar om likebehandling knytt til offentleg forvaltning. Argumenta dei raudgrøne har nytta, kan også overførast til andre idrettslag, og er difor ikkje truverdige i denne samanheng, påpeiker leiar for Voss Venstre, Knut Olav Nestås. Nestås er glad for at eit samla kommunestyre seier seg einige i fritaket.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**