Vellukka Venstredag

Visjonar for ein mijøvenleg samferdselspolitikk med persontransport på sjø som ein sentral del av kollektivtilbodet. Praktiske løysingar med røter i liberal tradisjon stod i fokus for samferdselspolitikar og kursleiar Alf Helge Greaker under laurdagens Venstreskule.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Verken strålande sommarsol eller Torgdagen klarte å hindra eldsjelene i Venstrelaga i region vest frå å møta på Venstredagen på Kystkultursenteret på Langøy 9. juni.

Venstreskulen
Første del av dagen var avsett til Venstreskulen, del ein. Vi som møtte fekk styrka Venstre-muskelen, både med aktuell politikk, ideologi og historiske røter.

For Alf Helge Greaker, kursleiar og nestleiar i samferdselsutvalet i Hordaland var dagens regionale samferdselspolitikk og særleg Regional Transportplan (RTP) eit sjølvsagt politisk tema å ta utgangspunkt i.

Kollektivsatsning
Miljøpartiet Venstre ønskjer eit sterkare fokus på kollektivtransport. I det folkerike Bergens-området kan vi ikkje lenger løysa persontransportutfordringane gjennom å byggja nye vegar.

Stolte tradisjonar
Venstre sin ideologiske ståstad i norsk og internasjonal liberal tradisjon var og eit sentralt tema på ein slik dag. Venstre har ein stolt historie som brubyggjar mellom borgarleg og sosialistisk side, og kan visa til heile åtte statsministre gjennom Norge sin parlamentaristiske periode. Mykje av forklaringa finn vi i at partiet har vore pådrivar for viktige ordningar som 8-timarsdagen, kvinneleg stemmerett, innføring av eit eige norsk skriftsspråk og unionsoppløysinga.

Andre del av Venstreskulen vert arrangert til hausten.

Sommartreff
Venstredagen vart avslutta med det årlege sommartreffet. Ein fin anledning til å verta betre kjend med andre Venstrevenar i ein uformell samanhang, og over mykje god medbragt sjømat.

Kystkultursenteret, med møtelokale inne og lune uteplassar viste seg å vera ei ideell ramme rundt Venstredagen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**