Samrøystes kommunestyre for musikkbinge på Sandane

Gloppen Kommunestyre gjekk måndag samrøystes inn for ei kommunal løyving på inntill 325 000 kroner til etablering av musikkbinge på Sandane. Det gleder Venstre sin representant Peder Lofnes Hauge, som frå talarstolen framheva Gloppen Ungdomsråd som eit viktig organ for ungdomsengasjement og demokrati.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Det var knytt ei viss spenning til formannskapet si behandling. Då dei fyrste gong fekk saka til behandling, vart det stilt spørsmål om behovet for og finansieringa av prosjektet. Men i nytt møte i forkant av kommunestyremøtet, tilrådde dei kommunestyret å løyve inntill 325 000 frå disposisjonsfondet til etablering av musikkbinge på Sandane.

Under behandling av saka i kommunestyret peika Hauge på at dette ville bli eit viktig supplement til allereie eksisterande, formelle kulturtilbod i Trivselshagen. Han fokuserte også på at det er viktig med eit velfungerande ungdomsråd i kommunen.

– For ein gong skuld har vi ein sak til behandling i kommunestyret som er forankra i Gloppen Ungdomsråd. Det er grunnleggande positivt. Når ungdomen sjølv har initiert eit slikt prosjekt og skaffa midlar frå Musikkutstyrsordninga, bør vi som politikarar følgje opp, sa han.

– Eg håpar kommunestyret løyver desse midlane. Primært fordi det er eit viktig og riktig tiltak for musikkinteressert ungdom, men også fordi det viser at vi annerkjenner dei prosessane Ungdomsrådet fører, og viser at dei blir tekne på alvor – og kan føre fram.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**