– Målet er rask hjelp til den som blir mobba

– Målet er rask hjelp til den som blir mobba, god hjelp med ein gang og på lang sikt. Derfor meiner Venstre at vi må styrke antimobbearbeidet på den enkelte skolen og vi meiner at fagmiljøa i Barneombudet og Alarmtelefonen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


for barn og unge er langt betre i stand til å gripe raskt inn enn ein einsleg person i kommuneadministrasjonen med ei vanleg arbeidsveke. – Eg trur ingen kommune, ingen skole, ingen rektor og ingen klasselærar tør å legge tilside eit spørsmål frå Barneombudet eller Alarmtelefonen eit einaste minutt. Venstre er opptatt av at den enkelte som blir mobba skal få best mogleg hjelp, og da er ikkje ei ny symbolstilling rette medisinen.

Alle barn og unge i Norge veit korleis dei får kontakt med Barneombudet og på heimesidene der står det mange spørsmål frå barn om mobbing. Og når Barneombudet har stengt på ettermiddagen åpnar Alarmtelefonen, som barn og unge kan ringe fra kl 1500 til kl 0800 heile veka og heile døgnet i helgene.

Det er klokt å be skolane uttale seg om antimobbearbeidet. Men Venstre ser ingen grunn til at vi skal forkludre forholdet mellom politikk og administrasjon ved å be skolane sende svaret til leiaren i oppvekstomiteen. Det er ein jobb for administrasjonen å skaffe opplysningane og arbeide fram eit saksframlegg. Vi har all grunn til å stole på at den dyktige oppvekstsjefen vår tar seg av sliks aksbehandling, det skal ikkje vi som folkevalte gjere. – Venstre foreslår derfor å stryke setninga om å sende svara på spørsmåla direkte til leiaren i oppvekstkomiteen, sa Jan Kløvstad, men Venstre fekk berre 13 stemmer for dette forslaget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**