Sveinung Rotevatn på Stortinget!

Onsdag 3. oktober skal Sogn og Fjordane Venstre avgjere kven som skal få stå på lista til Stortingsvalet 2013. To dyktige kandidatar kjempar om den gjeve fyrsteplassen som vonleg gjev plass på Stortinget. Gloppen Venstre viser til pressemelding om vår soleklare favoritt; Sveinung Rotevatn frå Eid Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


SVEINUNG ROTEVATN TIL STORTINGET I 2013!

Etter Gloppen Venstre sitt syn er Sveinung Rotevatn den soleklare kandidaten til førsteplassen
på Sogn og Fjordane Venstre si stortingsvalliste. Han har gjennom sine verv og sitt politiske
arbeid alt etablert seg som ein solid politikar, og dei siste åra som ein markant rikspolitikar gjennom
sin posisjon som leiar i Noregs Unge Venstre. Han nyt stor respekt internt i Venstre, ikkje minst blant
leiinga sentralt. Han har eit stort nettverk og er stadig å sjå i riksmedia – der han alltid gjer ein svært
god figur. Sveinung har solid kunnskap, politisk erfaring og er god på kommunikasjon – både gjennom
tradisjonelle, men også nye,sosiale medium. Sveinung er ikkje berre ein god representant for Venstre,
men også for Sogn og Fjordane. Saman med Alfred Bjørlo og resten av Eid Venstre har han verkeleg
sett Sogn og Fjordane Venstre på det politiske kartet – slik skal det vere!

Vi trur Sveinung Rotevatn vil appellere til ei brei veljarmasse – og spesielt ungdom. Vi trur han kan
trekkje veljarar til partiet vårt som gjerne ikkje naturleg stemmer Venstre. I kraft av nettverket han har
blant journalistar, folk frå ulike yrkesgrupper – også blant politiske motstandarar – vil han gje Sogn og
Fjordane Venstre ein opplagt fordel i valkampen. Og når han kjem i posisjon etter valet (Venstre
skal då i det minste ha utjamningsmandatet!), vil han gå rett inn i arbeidet på Stortinget og fronte
Venstre sin politikk, og ikkje minst Sogn og Fjordane si sak på ein framifrå måte. Det har han allereie
erfaring, politisk tyngde og vilje til!

Gloppen Venstre
Ragnar Eimhjellen
leiar

Vi ser elles fram til eit spennande nominasjonmøte, og ynskjer kandidatar og delegatar lukke til.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**