Nina Østebø føreslått på 6.plass

I nominasjonskomiteen sitt forslag til stortingsvalliste er Nina Østebø frå Vormestrand føreslått på 6.plass på lista for Rogaland Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

 Nina Østebø

Nina Østebø
Foto: Venstre

Østebø sit i dag i kommunestyret i Suldal, er leiar i Suldal Venstre og medlem av styret i Rogaland Venstre. Ho har dei siste åra utmerka seg i partiet og engasjementet hennar har synt igjen også utanfor heimkommunen.

— Venstre treng dyktige kandidatar frå heile fylket. Nina vil verta eit viktig bidrag til Venstres valkamp. Me er heldige som får ha ho med i vårt forslag, seier May Britt Vihovde, leiar av nominasjonskomiteen.

Østebø driv eiga konsulentverksemd. Ho er mellom anna oppteken av betre kommunikasjonar, både når det gjeld veg, båt, buss, ferge og breiband, og ho har eit sterkt engasjement for næringsliv og gründerverksemd.

Østebø har dei siste åra vore med i styret i Rogaland Venstre. Ho er glad for å bli nominert til 6.plassen og er allereie no klar for å starta valkamp for Venstre. — Venstre har framtidas løysingar på dagens utfordringar. Det blir spanande å få vere med på denne viktige politiske arenaen, seier Østebø.

Iselin Nybø frå Stavanger er føreslått som fyrstekandidat på lista. Ho sit i sentralstyret til Venstre. Ho arbeidar som advokatfullmektig.

Venstre er eit liberalt sentrumsparti som vil arbeida for eit sosialt og liberalt kunnskapssamfunn der folk har fridom til å skapa sin eigen veg til det gode liv, og der me tar ansvar for kvarandre og for miljøet.

Se heile den føreslåtte lista

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**