Meir pengar til buss og bane i fylkesbudsjettet

Alf Helge Greaker er tilfreds med at framlegget til fylkesbudsjett frå administrasjonen prioriterar betre framkomst og fleire avgangar i kollektivtransporten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Alf Helge miniportrett juni

Foto: ukjent

Framlegget inneber mellom anna ein auke i prisane for enkeltreiser, der inntektene går til eit betre kollektivtilbod.

– Venstre meiner inntektene frå billettane berre skal gå til meir buss og bane, noko som det er lagt opp til i fylkesrådmannens framlegg til budsjett. Inntektene skal ikkje inn i det ordinære driftsbudsjettet. Venstre gjekk til val på å styrke kollektivilbodet og å effektivisere ekspederinga for passasjerane, så budsjettframlegget er eit godt utgangspunkt for å oppfylle desse løftene. Dei auka inntektene frå takstauken tilsvarer litt over 40 millionar kroner, og av desse skal 21 millionar gå til bybane og 20 millionar til meir buss, seier Alf Helge Greaker, Venstres mann i samferdselsutvalet.

– Rabattane på kort aukar, så prisforskjellen neste år kjem til å vere liten for dei med kort, og som reiser ofte. Vi vil prioritere pendlararar, dei som reiser ofte og som lett vil vlje kollektiv framfor bil. Det er også viktig å hugse på at bompengane aukar kraftig frå neste år. Dessutan jobbar ein med å fjerne og endre talet på takstsoner i heile fylket, og vurdere einskapstakstsoner fleire stader. Det vil bety vesentlege avslag på billettane etterkvart.

Eit påslag for å kjøpe billettar ombord skulle egentlig vore innført i oktober i år, men blei utsett fordi nettbaserte løysingar ikkje kom på plass. Det må framleis vere ein viktig føresetnad for at det skal bli dyrare å betale ombord enn på førehand. No har det kome på plass fleire automatar, og Skyss jobbar med å få til sal av billettar hos kommisjonærar og kioskar.

Betre framkomst og hyppigare avgangar
– Passasjerbåtproduksjonen får også fleire midlar, som er godt sett frå Venstre sin ståstad. Det er etter Venstres syn framkomst og hyppigheit som er den store utfordringa, ikkje prisane, som gjer at kollektivtilbodet ikkje er godt nok. At færre betaler ombord og at det blir fleire avgangar med bussane er det vi gjekk til val på.

I denne omgang er det i Sotra-området ein vil prioritere, der det er kritisk med tanke på trafikkavvikling. Venstre ønsker heller ikkje å legge ned bussliner i Bergen Sør etter at Bybanen er ferdig utbygd, slik at banen med andre ord kjem i tillegg til dagens bussar. Det vil gi eiin kraftig auke og betring av kollektivtilbodet i området. Dette er ei prioritering som Venstre er nøgd med, og som er anbefala frå fagleg hald. Venstre vil vente til Bybanen har vore i drift ein stund før ein avgjer eventuelle omleggingar.

– Så lenge vi aukar rabatten på fleksiskyss og kontantskyss, og meirinntektene går til å betre kollektivtilbodet, er aukinga uproblematisk. Det er ikke billettprisane som er problemet når vi vil ha fleire bilistar til å reise kollektivt, men betre framkomst og fleire avgangar, avsluttar Greaker.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**