Det seier Venstre sin fylkestingsrepresentant Klaus Iversen, som reiser interpellasjonen på vegne av Venstre si fylkestingsgruppe.
– Trass i at norsk lovverk er innretta for å sikre offentleg kontroll over energiressursane i vassdraga våre, er ein stor del av vasskrafta vår eigda av aktørar utanfor fylket, seier Venstre-politikaren Klaus Iversen. – Endå meir påfallande er det at dei svært verdifulle fallrettane fylkeskommunen har fått opp gjennom åra, er kanalisert direkte vidare til eit aksjeselskap der fylkeskommunen eig under 50% og ein stor del av aksjane er eigd utanfor fylket (SFE). Dette har skjedd “i det stille”, utan ein grundig politisk debatt i fylket på om dette er rett forvalting av ressursar og verdiar som etter lovverket er meint å tilfalle lokalsamfunna der krafta blir produsert
Av spørsmåla Venstre og Klaus Iversen utfordrar Fylkesordføraren på i interpellasjonen, er mellom anna desse:
Kva fallrettar er det Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått tildelt og gitt vidare til SFE?
Kva fallrettar er det forøvrig i fylket som er eigd av aktørar utanfor fylket?
Kva avtaler er det som regulerer at fallrettar fylket har fått automatisk blir overført til SFE, og kva politiske vedtak ligg til grunn for dette?
Kva politikk vil dei raudgrøne partia som styrer Sogn og Fjordane føre når Sogn og Fjordane får forkjøpsrett til fallrettar som er under overdraging?
Avslutningsvis i interpellasjonen ber Klaus Iversen Fylkesordføraren om å legge fram ei eiga sak for Fylkestinget i 2013 om energipolitikk og forvaltinga av fylket sine enorme energiressursar.
Heile interpellasjonen frå fylkestingsrepresentant Iversen kan du lese her.
Kontakperson:
Klaus Iversen, fylkestingsrepresentant for Venstre, mobiltlf 915 35 164