Venstre misnøgd med saksutgreiing

Kommunestyret har vedtatt ei sak knytt til Vassvøre kraftverk, som me i ettertid ser ikkje er forsvarleg utgreidd. Innbyggarane sine interesser er ikkje godt nok ivaretatt, noko Venstre tek på alvor. Difor har Torstein Gunnarson spurt ordføraren om saka skal opp til ny handsaming. Les meir om interpellasjonen her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


I "Hordaland" for 29.09. går det fram at kraftverket er planlagd plassert på den vesle fotballplassen ved ungoms-/grendeshuset. På spørsmål frå avisa om det ikkje er ille å øydeleggja ei fotballbane, svarar repr. for tiltakshavar at her i lokalsamfunnet er alle positive til kraftverket. Det same gjeld Voss kommunestyre, då saka vart drøfta der før ferien. Når det gjeld fotballplassen, så vert han nesten ikkje nytta lenger. Der har Eideshagen teke over. Så også det trur eg er heilt uproblematisk.

Kort kommentar: Fotballplassen er eigentleg ei løkke, og bustadområdet får sjølvsagt ikkje dekka funksjonen i eit fotballanlegg mange kilometer borte.

Plasseringa av kraftverket var ikkje klart uttrykt — og ikkje problematisert – i saksutgreiinga til KST-sak 48/12. På innkopiert kartskissse var det lite råd å sjå den konkrete plasseringa.. Event. konsekvensar for grendehusfunksjonen er heller ikkje drøfta

Etter mitt skjønn er saka her ikkje "forsvarlig utredet" (kommunelova § 23. 2)

Spørsmål vidare : Har Evanger grendelag uttalt seg? Barna sin talsmann?

Vil ordføraren ta initiativ til at denne delen av saka blir behandla på nytt?

Ordføraren meinte òg at sentrale moment ikkje var problematisert tilstrekkeleg. Venstre oppfatta det slik at det difor vert lagt opp til ny handsaming i tråd med kommunelova.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**