Endringsforslag til Stortingsvalprogrammet 2013-2017

Styret i Suldal Venstre har sendt inn endringsforslag til programkomiteen for Stortingsvalprogrammet for 2013 – 2017.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Vannkraft

Foto: Illustrasjonssfoto

Innspela går på tema Miljø og omhandlar vasskraft spesielt.
Fyrsteutkastet kan du lese her.

Det er i avsnittet som gjeld Grønt batteri at ein har fremja endrings,- og tilleggsforslag.

Vilkåra for vasskraftkonsesjonar kan reviderast etter eit gitt antall år, (50 år og 30 år), såkalla vilkårsrevisjon. Revisjonen gjer ein mulegheit til å pålegge nye vilkår som rettar opp att miljøskader og tilpassar eldre utbyggingar til dagens miljøkrav. Suldal Venstre ønskjer å vere meir konkret i miljøspørsmålet og vil endre teksten til;

Type forslag: Endringsforslag
På side: 19
Frå linje: 18
Til linje: 19

Forslag: Miljøtilstanden i regulerte vassdrag må bedres gjennom revisjon av gamle vannkraftkonsesjoner. Dette er også viktig for å oppnå aksept for ny og skånsom vannkraftutbygging.

****
Suldal Venstre ønskjer å fjerne maksimumsgrensa ved eigedomstaksering av vasskraftanlegg. Regelen om minimums,- og maksimumsverdiar var i si tid meint å vere midlertidig for å rette opp utilsikta konsekvenser ved overgang til ny verdsettelsesreglar (Kraftskattereformen i 1997). Faktum er at meir enn 82% av kraftproduksjonsanlegg har nådd maksimumsgrensa og eigedomsskatten fangar ikkje lenger opp den reelle marknadsverdien. Vertskommunar for vasskraftprodusentar taper årleg store summar, langt dei fleste er minsteinntektskommunar, dei færraste såkalla rike kraftkommunar. Dette er eit syn som Suldal Venstre har vore ein pådrivar for å få gjennomslag for tidligare og no ønskjer me å få det med i Stortingsvalprogrammet;

Type forslag: Tilleggsforslag
På side: 19
Frå linje: 20

Forslag: Venstre ønsker å sikre at beskatningen av kraftverk gjenspeiler produksjonsanleggenes reelle markedsverdi. Derfor må særordningen med maksimumsgrensen på eiendomsskattetaksten for vannkraftanleggene oppheves.

****
Det siste forslaget er eit endringsforslag som gjeld Noreg som Europas grøne batteri der tanken er at vassmagasina skal fyllast opp ved å pumpe vatn tilbake ved hjelp av billeg importert kull,- gass,- og vindkraft når det er produksjonsoverskot i resten av Europa. Pumpekraft inneber store reguleringar av magasina me har, samt heilt uante konsekvensar når det kjem til forureining (særleg biologisk i form av fauna og flora) ved overføring av vatn frå ulike vassdrag. Utvaskinga som skjer ved hyppig tømming og fylling av magasin er dokumentert særs skadeleg. Suldal Venstre ønskjer difor å endre teksten til;

Type forslag: Endringsforslag
På side: 19
Frå linje: 12
Til linje: 14

Forslag: Norge vil på sikt kunne bli en sentral eksportør av fornybar energi til Europa. Bruk av vannkraftens reguleringsevne, (effektkjøring og Norge som «Europas grønne batteri»), har negative konsekvenser i elver og magasiner. Hensynet til vassdragsmiljø og andre brukerinteresser i vassdragene må sikres gjennom grundige konsekvensutredninger og oppdaterte konsesjonsvilkår tilpasset nye driftsmønstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**