Stortingslista er klar – Terje Breivik på topp

I går, laurdag 3. november, vart endeleg nominasjonsliste framfor stortingsvalet neste år klar. På dei tre øvste plassane finn me Terje Breivik, Ulvik; Åsta Årøen, Bergen og Mathias Fischer, Bergen. Voss sin einaste representant på lista, Knut Olav Nestås, kom på 12. plass.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


I sin tale til nominasjonsmøtet, snakka Terje Breivik om Venstre sine fire hovudområde, dvs. skule, klima/miljø, næring og velferd. Særskilt snakka han om kor viktig det var å løfta den næringspolitiske fana høgt fram mot valet.

— Dette er ei stor tillitserklæring å få. Og verta stortingskandidat med høve til å representera verdiskapingsfylket Hordaland er kjekt, sa Terje Breivik i ein kommentar til avisa “Hordaland”. Les meir om saka – og sjølve intervjuet i sin heilskap her.

Terje Breivik

Foto: Bjørg

På andreplass, vart Åsta Årøen frå Bergen, som var innstilt frå nominasjonsnemnda til andreplassen, valt framføre Idun Bortne. Åsta Årøen har eit sterkt engasjement overfor samfunnets svakaste, og har sagt at ho ynskjer at Venstre i ei eventuell ny regjering skal representera det sosiale samvitet. Årøen er oppteken av at Venstre skal vera synleg i helse- og sosialpolitikken, og vil verta ein viktig debattant og representant for partiet i så måte.

Åsta Årøen LM2012

Foto: Helene Z Skulstad

På tredjeplass vart det ein svært jamn kamp mellom Synnøve Handeland frå Kvinnherad og ungdomskandidaten Mathias Fischer frå Bergen, der Fischer til slutt gjekk av med sigeren. Mathias Fischer snakka seg i løpet av møtet varm om skule og kunnskap.
– Noreg treng korkje Arbeidarpartiets heildagsskule eller Høgres testskule, me treng Venstres kunnskapsskule. Me lyt lata lærarar vera lærarar, og fylla klasseromma med kunnskap, ikkje bananer, sa Fischer i sin tale til nominasjonsmøtet. Han framheva òg at han ville kjempa for ei styrking av lærarutdanninga, avbyråkratisering av lærarrolla og meir fridom til lærarar og elevar.

Mathias Fischer kvadratisk

Foto: Marie Røssland

Voss sin einaste representant på lista, er 26 år gamle Knut Olav Nestås. Nestås står på 12. plass.

Heile vallista til Venstre har 22 kandidatar, og ser slik ut etter nominasjonsmøtet:

1. Terje Breivik 47 Ulvik
2. Åsta Årøen 41 Bergen
3. Mathias Fischer 19 Bergen
4. Anne-Beth Njærheim 48 Bømlo
5. Elizabeth Toft Erichsen 28 Sund
6. Rolf Nesheim 52 Lindås
7. Trond Gullaksen 50 Bergen
8. Sverre Kleivkås 40 Ullensvang
9. Hanne Kvilhaugsvik 23 Bergen
10. Geir Angeltveit 24 Stord
11. Birgitte Hjertaas 48 Askøy
12. Knut Olav R Nestås 26 Voss
13. Tove Kristin Sleire Tistel 41 Masfjorden
14. Alf Helge Greaker 35 Bergen
15. Torstein Hatlevik 40 Tysnes
16. Sigrun Bjorøy 25 Fjell
17. Frode Hervik 36 Radøy
18. Maren Eimind Børslien 21 Odda
19. Jon Sivert S Rykkel 22 Os
20. Daniel Gunnarsen 22 Askøy
21. Julie Andersland 34 Bergen
22. Harald Hove 63 Bergen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**