Venstre meiner me lyt prioritera dei som verkeleg treng det

Det vart i førre kommunestyremøte ein frisk debatt ikring korleis ein kan styra helse- og sosialpolitikken i ein meir målretta retning. Ordførar Hans-Erik Ringkjøb svara på ein interpellasjon frå representantane Jorunn Ytrefjord og Knut Olav Nestås. Les meir her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Interpellasjonen dreia seg om korleis ein kan skapa eit rimeleg og meir differensiert butilbod for utsette grupper på Voss; f. eks einslege eldre, eldre par med svak økonomi og funksjonshemma. Les heile interpellasjonen her.

Funksjonshemmed, bevegelseshemmed

Foto: © Bsj | Dreamstime.com

Ordføraren peika på at dei fleste eldre stort sett greidde seg bra, og at ein ikkje skal overdimensjonera problema. I tillegg peika han både på tidlegare vedtekne planar, og at ein bustadsosial handlingsplan er på trappene. Me veit òg at kommunen har ein heller problematisk økonomi, med lite rom for å gjera tunge økonomiske prioriteringar.

Venstre er einige i at me ikkje skal overdimensjonera problema, men me meiner det vert feil av ordføraren å påstå at me gjer nettopp det. Eit kvart lokalsamfunn vert målt på korleis dei tek vare på sine svakaste, og når det frå innbyggarane si side vert påpeika at butilbodet er mangelfullt, bør politikarane våga å ta debatten. Kva skulle elles vera lokalpolitikkens oppgåve?

Omsorg, senior, helse

Foto: Microsoft

Venstre synest det er bra at nye bustader for eldre har vorte bygd på Enkjeheimstomta, sjølv om me var mot rivinga av bygget i utgangspunktet, men me ser òg det problematiske i at ikkje alle har råd til å bu der. Då treng me tilrettelegging for eit ytterlegare forsterka tilbod, for å tilby fleire ein høveleg bustad til prisar som fleire kan leva med. Dette gjeld òg knytt til bustadtilbodet for funksjonshemma.

Venstre vil difor sjå på korleis me kan styra m. a helse- og sosialpolitikken i ei retning som sørgjer for at dei som treng vår hjelp, får vår hjelp — Venstre meiner det er på høg tid at me prioriterer dei som verkeleg treng det!

• Jorunn Ytrefjord, medlem i utval for levekår

• Knut Olav Nestås, leiar i Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**