Venstre vil satse på bulyst og bustadtomter

I samband med formannskapet sitt budsjettmøte på Lindum den 22. og 23.11, fremjer Venstre forslag både når det gjeld bulyst, bustadtomter og “Heim for ein 100-lapp” for ungdom.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

matte, naturfag, skole, undervisning, kalkulator

Foto: Kriss Szkurlatowski

BULYST
Dei fleste politiske partia er samde i at dei ynskjer det skal flytta fleire folk til kommunen. Suldal Venstre har sett seg mål om å auke folketalet til 4.000 innan 2015, (3.864 pr 1.1.12). Å ha “nok” folk er avgjerande for å kunne gje eit godt velferdstilbod. For næringslivet er det eit konkurranseføremon å kunne velgje blant dei beste hovuda.
Suldal Venstre ønskjer å vere offensiv og visjonær – folk kjem ikkje rekandes til kommunen på ei fjøl!
Me ønskjer at det blir sett ned ei gruppe som skal jobbe spesifikt med Bulyst.

Dette er forslaga me ønskjer å fremje:
1. Ordføraren får i oppgåve å setja ned ei arbeidsgruppe/styringsgruppe beståande av politikarar, – der ordførar skal vere ein av desse – , ein rep frå Suldal Vekst, og leiarane i grendeutvala. Gruppa skal i fyrste omgang søkja å samordna dei ulike “bulyst”-prosjekta i kommunen i ein felles søknad til KRD om Bulyst-prosjektmidler. Det skal veljast sekretær, dette treng ikkje vere eit medlem av gruppa. Sekretæren skal administrera innkalling til møte, referat, sjølve prosjektsøknaden og anna som fell naturleg til denne rolla.
Gruppa skal møtast så snart som råd er etter jul, og på fyrste møtet leggja ein plan for å komma i mål med ein søknad innan fristen går ut i byrjinga av mars 2013.
Gruppa kan trekkja inn andre ressurspersonar om det er ynskjeleg

2. Det blir sett av kr.200.000,- i 1.halvår i 2013. Dette skal dekkja reiseutgifter og andre utlegg som medlemmene i arbeidsgruppa har. Suldal Vekst dekkjer sine eigne kostnader.

3. I samband med 1.tertialrapport i 2013, skal arbeidsgruppa/styringsgruppa leggja fram for kommunestyret ein handlingsplan, med ressursbehov, for Bulyst-prosjektet i tråd med prosjektsøknaden. Kommunestyret tek stilling til ytterlegare løyving i samband med dette.

4. Arbeidsgruppa/styringsgruppa skal gjera ei evaluering av sitt eige arbeid og legge fram ei tilråding om arbeidet vidare, inkl. ressursbehov, til formannskapet og kommunestyret si handsaming av nytt budsjett,- og handlingsplan hausten i 2013

BUSTADTOMTER GENERELT:
Suldal Venstre er oppteken av at det skal takast særs omsyn til tiltak som kan auka folketalet i kommunen. Å sikra at det er eit overskot av tilgjengelege, byggjeklare, attraktive tomter er heilt naudsynt i arbeidet med å få tilflyttarar. I fleire grender i kommunen er det tomtemangel, og det er i fleire grender snart fullt i eksisterande byggjefelt.
For at ikkje potensielle bustadbyggjarar skal vera nøydt til å venta på komplett ferdigstilling, ser Suldal Venstre føre seg ei ordning med trinnvis utbygging av kommunale bustadfelt, der ein legg over på entreprenørane oppbygging av infrastruktur til aktuell tomt innanfor reguleringsplanen for feltet.

Forslag:
1. Formannskapet gjev rådmannen i oppgåve å laga eit regelverk for trinnvis utbygging av kommunale bustadfelt.
2. Det vert sett av 500.000kr i investeringsbudsjettet for 2013 til å gjennomføra dette

Suldalsosen
På Suldalsosen finnest det så å seie kun einebustadar. Det er mangel på mindre bustader, som til dømes leiligheter. Her ligg den kommunale tomta «Lundestykket» ved butikkane ferdig regulert til bustadføremål. I tillegg er nabotomta «Grushålo» også kommunal, slik at det er god boltreplass. Her bør ein lysa ut ein konkurranse der utbyggjarar kan visa sine løysingar for dette sentrale området på Suldalsosen.

Forslag:
1.Suldal kommune lyser ut ein konkurranse med tanke på å byggja bustader på "Lundestykket" og "Grushålo" på Suldalsosen.
2. Det vert løyvd 200.000kr frå investeringsbudsjettet til utlysing og konkurransepremie.

Erfjord
Forslag:
1. Rådmannen får i oppgåve å regulera den kommunale tomta «Bogslia» til bustadføremål.
2.Det blir sett av kr 300.000 i investeringsbudsjettet for 2013 til utarbeiding av reguleringsplan for Bogslia bustadfelt.

HEIM FOR EIN 100-LAPP
Forslag:
1.Venstre ynskjer at ungdom i kommunen skal få høve til å kome seg trygt heim for ein 100-lapp, fyrst og fremst i samband med helgedagar. Venstre ber rådmannen om å førebu ei sak til kommmunestyret i samband med 1.tertialrapport der ein ynskjer:
a. Retningslinjer for ei slik ordning og at desse mellom anna skal innehalde
– eit på førehand definert antal “haldeplasser” i kommunen
– aldersgrense
– kva dagar ordninga gjeld
– tingingssrutinar
b. Eit oversyn over kva støtteordningar som finst for slike tiltak
2. Venstre fremjer forslag om at det blir sett av kr.100.000,- i budsjettet for 2013, slik at ein har pengar klar dersom kommunestyret vedtek å innføre ordninga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**