Venstre prioriterer Vossabanen

I statsbudsjettet for 2013 løyver Venstre 200 mill. til Vossabanen. 175 mill. går til dobbelspor gjennom Ulrikentunnelen og 25 mill. til detaljplanlegging av dobbelspor Arna – Voss.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


– Vossabanen representerar for Voss det InterCity- triangelet gjer rundt Oslo. Difor er det kjekt å målbera at Venstre løyver såpass mykje midlar for å koma i gang med dobbelspor til Bergen, seier stortingskandidat og nestleiar i Venstre, Terje Breivik.

Bergensbanen

Foto: MK

– Med 175 mill. til Ulrikentunnelen vil anleggsarbeida koma så godt i gang at ein i realiteten er komne “to the point of no return”. Kan me samstundes starta detaljplanlegginga av Arna – Voss med ein gong konsekvensutgreiingsarbeidet vert avslutta i 2013, ligg det godt til rette for at dobbeltspor heilt til Voss kan realiserast i nær framtid, seier Breivik.

For næringslivsbygda Voss er Venstres alternative statsbudsjett spekka av at tiltak som gjer det lettare å starta og driva eiga verksemd, skapa verdiar og arbeidsplassar.

– Ikkje minst vil tiltaka og midlane me stiller til disposisjon for å sikra tilgang på risikokapital i alle deler av landet, eigna seg svært godt med tanke på å bygga opp eit investor- og nyskapingsmiljø på Voss, seier Breivik.

– Likeins vil forenklingstiltaka og betringane i sosiale rettar for sjølvstendig næringsdrivande gjera kvardagen lettare for næringsdrivande og verksemder, avsluttar Breivik.

Terje Breivik

Foto: Bård Ek

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**