Dialog og samarbeid er nøkkelen for ei god utvikling

Venstre er uroa over handsaminga av saka om konsesjon til dei nye eigarane av arealet på Bømoen. Kommunen ynskjer å ha ein føresetnad om å overta Voss Flyplass Bømoen som ein del av at dei nye eigarane får konsesjon. – Er dette ei høveleg løysing, spør Knut Olav Nestås, medlem i utval for næring og tiltak.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Saka om framtida for Bømoen er samansatt og vanskeleg. Det er mange viktige omsyn å ta, både overfor kva som er i lokalsamfunnets interesse og kva som er respekt for private aktørars eigdedomsrett. – Problemet er at me ikkje veit nøyaktig kva dei nye eigarane for m. a Voss Flyplass Bømoen tenkjer for framtida, og dermed har me avgrensa kunnskap pr. i dag, påpeiker medlem av utval for næring og tiltak, Knut Olav Nestås.
– Eg synest me som politikarar skal vera forsiktig med å tilrå eller ikkje tilrå konsesjon utan å vita kva eine parten ynskjer for flyplass-området.

spørsmål

Foto: AKE

Nestås har òg gjennom fleire debattar med ordføraren merka seg at dei raudgrøne snakkar mykje om kva som må prioriterast, og kva som eventuelt bør prioriterast og dermed i praksis lyt avfinna seg med lågare prioritet over driftsbudsjett og i investeringsbudsjett. – Det er sjølvsagt naturleg å spørja seg om kommunen skal leiga eller eiga og forvalta flyplassen. Om me skal eiga den; skal me eiga den åleine eller i lag med andre? Finnest det modellar som avgrensar risikoen for kommunen, og sørgjer for at private aktørar kan vera med også? – Me har eit aktivt miljø for luftsport på Voss, og det hadde vore interessant og avklart om dei kunne vore med i eit framtidig spleiselag, seier Nestås.

På bakgrunn av dei mange spørsmåla, ynskte ikkje Venstre i utval for næring og tiltak å tilrå noko som helst, og la difor fram følgande framlegg til vedtak.

1. Utval for nærings- og tiltaksarbeid sendar saka til kommunestyret utan tilråding.

2. Administrasjonen vert beden om å innhenta og referera opplysningar frå Bømoen AS om deira standpunkt tuk vidare forvalting av arealet knytt til Voss Flyplass Bømoen.

3. Administrasjonen vert beden om å leggja fram alternative føretaksmodellar der også offentleg-privat samarbeid vert vurdert ved eit eventuelt kjøp av Voss Flyplass Bømoen.

Økonomisk balanse

Foto: Microsoft

Venstre fekk støtte hjå Høgre, KrF og Frp, og samla til saman 4 røyster. Men framlegget fall likevel mot røystene frå Ap og Sp, som også utgjorde 4 røyster, men leiaren i utvalet, Klaus Skjeldal(Ap), si dobbelrøyst sikra fleirtalet. Framlegget fremja av dei raudgrøne gjev dei nye eigarane konsesjon under føresetnad av at dei gjev frå seg arealet som er naudsynt for framtidig drift av Voss Flyplass Bømoen anten ved sal til kommunen eller gjennom ein langsiktig leigeavtale.

Nestås

Foto: Foto: Daniel Melve Kvarme/Avisa Hordaland

– Utfallet av dette vert fort oreigning til ein ikkje nødvendigvis gunstig pris for ny eigar, og som liberalar synest eg oreigning er prinsipielt vanskeleg med tanke på eigedomsretten som eg held som rimeleg suveren. Dialog og samarbeid er nøkkelen for ei god utvikling av arealet totalt sett, og då kan me ikkje tvinga folk i kne før samarbeidet knapt har kome i gang, avsluttar Nestås.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**